Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Tre personar har fått påvist smitte i samband med dei nylege smittetilfella. I tillegg har fire utanlandske arbeidarar testa positivt.

Like før helga melder Stord kommune om dei fleste smittetilfella på ein dag sidan koronapandemien starta.

– Tre personar er meldt smitta med Covid-19 etter prøve teken torsdag. Dette er alle forventa og nærkontaktar til ein 21 år gammal mann. Dei har symptom, er isolerte, men har ikkje alvorleg sjukdom, opplyser Stord kommune.

Desse tilfella skal ikkje vera knytt til smitta hos ein dørvakt på utestaden Sjøhuset.

I tillegg er det tre utanlandske arbeidarar som har testa positivt for viruset. Dei er i fritidskarantene i regi av Kværner, og har teta positivt etter test nummer 2. Dei skal ikkje ha symptom og er isolerte.