Det var mange tilhøyrarar i salen under kommunestyremøtet. Foto: KJETIL RYDLAND
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Heile kommunestyret gjekk inn for å driva dei to skulane vidare.

Av: Harald Johan Sandvik

Då kommunestyret byrja handsaminga av skulebruksplanen i dag, var Ole Bergesen, H, først ute og la fram framlegg til vedtak frå H og Ap. Han synte til at kommunen må ta store innsparingar framover.

– Skulebruksplanen har overskygga alle andre tema denne hausten. H og Ap har stemt mot skulane tidlegare i haust, men har heile tida sett på mogelege løysingar. No har me sett eit engasjement utan sidestykke, og me lyttar til folket, sa Bergesen.

Framlegget hans var om lag slik: Kommunestyret vedtek skulebruksplanen med desse endringane: Øvrebygda og Sælevik går vidare, men 7-klassane frå begge skulane vert flytta til Rimbareid frå skuleåret 2019-2020. Dei økonomiske konsekvensane skal innarbeidast i budsjett og økonomiplan.

Utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas frå Senterpartiet.

Grete Marit Veka Maraas kom med framlegg på vegne av Sp, KrF, Frp, Annar Westerheim, Ap og Roger Nesbø, Ap. Det lydde slik: Skulebruksplanen vert teken til vitande. Sælevik og Øvrebygda vert oppretthaldne, og økonomiske konsekvensar skal innarbeidast i budsjett og økonomiplan. Det skal utarbeidast kvalitetsplan for skulen i 2019.

- Annonse -
- Annonse -

Denne grupperinga, som då hadde fleirtal med 9 røyster, med dei to representantane frå Ap, var kjent alt før gruppemøta mandag.

- Annonse -

Annar Westerheim, Ap, sakna samfunnsplan for kommunen. Den er styrande for alle felt. Han har følgt med frå 2008 og framover, og utviklinga har vore positiv.

– Å leggja ned skulane ville vera rein kortslutning for Fitjar kommune. At elevar kan ha trygt oppvekstmiljø, vil redusera andre kostnader. Det at me kan driva skulane vidare, er den største julegåva innbyggjarane kan få!

Ved røystinga følgde Roger Nesbø, Ap, likevel si eiga partigruppe. Dermed fekk H og Ap sitt framlegg 9 røyster, og  framlegget frå KrF, Sp, Frp og Annar Westerheim 8 røyster.

Alle dei 17 faste medlemene møtte i dag, men då saka kom opp, måtte 5 medlemer be om å få vurdert sin gildskap: Dagfinn Brekke, KrF, Arne Prestbø, H, og Terje Træet, H, har ektefellane sine som tilsette i Fitjarskulen, Vigdis Røen Leirvik; Ap, jobbar sjølv i skulen, og Sigurd Andre Maraas si mor «gjennom alle år», jobbar også i skulen. Dei vart alle nemnde ugilde, og vararepresentantar overtok plassane: Rune Helland, KrF, Geirmund Aga og Jo Kjetil Strand, H, Roger Nesbø, Ap og Frank Solli, Frp.

Vedtaket i kommunestyret skil seg frå innstillinga frå formannskapet i starten av desember, då det vart vedteke å legge ned Øvrebygda skule, og behalde Selevik skule med 1. til 4. trinn.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -