Arkitektkontoret VIS-A-VIS i Trondheim laga vinnarutkastet til den nye Nysæter ungdomskule med prosjektet "Du Glitrande".
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen opplyste at kostnaden for nye Nysæter ungdomsskule ligg an til å bli heile 320 millionar kroner.

Under årets siste møte i kommunestyret kom rådmannen med den lite trivelege beskjeden om storprosjektet i Sagvåg.

I følgje forprosjektet var det eit kostnadsoverslag for Nysæter ungdomsskule på 200 millionar kroner. No viser det seg at prosjektet blir langt dyrare.

– Det ser ut som det blir eit kostnadsoverslag på 320 millionar kroner for prosjektet, sa rådmann Magnus Mjør.

Treng større areal for skulen

Kostnadsauken blir forklart med 10 millionar utgift til klatrehall, 30 millionar kroner i utgift til ny symjehall og 13 millionar ekstra kostnadar knytt til fleirbrukshallen.

– Men den største årsaka til kostnadsauke er prisstiging og at det viser set at det er behov for større areal på ungdomsskulen, sa rådmannen.

- Annonse -
- Annonse -

Mjør understreker at ikkje alle dei 120 millionane i ekstrakostnadar må bli dekka av kommunen.

– Det er viktig å seie at dette ikkje er ei netto kostnad. Dette vil frambringe momskompensasjon på 63 millionar og spelemidlar på rundt 20 millionar.

Dermed ligg det an til at kommunen må dekke inn nær 40 millionar kroner av kostnadssprekken. Rådmann opplyste at det vil bli lagt fram ei politisk sak om kostnadssprekken i kommunestyret i januar.

- Annonse -

– Ei kjempeutfordring

Geir Angeltveit (V) meinte kostnadsoverslaget er så alvorleg at ein bør ha ein budsjettrevisjon.

– At Nysæter ungdomsskule har ein kostnadsauke på over 100 millionar kroner er ei kjempeutfordring. Me har ikkje ein gong begynt på budsjettet, før det begynner å gå opp i liminga.

– Det lappeteppet som fleirtalet vedtok held ikkje vatn, og dette er ikkje bra for kommuneøkonomien. Det er fristande å be om ein budsjettrevisjon snarast.

Han fekk støtte frå Sverre Olav Svarstad (H).

–  Eg bekymrar meg over informasjonen om utviklinga av kostnadane på Nysæter. Det får me ta nården kjem. Eg deler den same bekymringa som Angeltveit kjem med.

Men ordførar Gaute Epland (Ap) understreka at han ikkje ønskte debatt om skulen på dette møtet.

– Eg ønskjer ikkje opne oppp for debatt for det som går på Nysæter. Det må me kome tilbake til i første møte etter nyttår.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -