Frå ein av dei tre garasjebrannane på Haga. Foto: tipsar
- Annonse -

Knappe 40 minutt etter at det oppsto brann i ein garasje i Kviteluren, kom meldinga om ein ny garasjebrann i Øklandslio, like ved.

– Det er ein ny brann, og dei held på med sløkking, seier vaktleiar Egeland i 110-sentralen til Stord24 like før klokka 22.

– Har de ein teori om korleis dette har skjedd?

– Nei, det kan me ikkje seie noko om. Det må du ta via politiet.

Brannen i Øklandslio oppsto mindre enn ein time etter at brannvesenet fekk melding om garasjebrann i Kviteluren, berre nokre hundre meter frå brann nummer to. Brannvesenet fekk melding om den første klokka 20.53, og den andre klokka 21.33.

Har kontroll på brannen

Brannvenet har rykka ut med mannskap både frå Leirvik og brannstasjonen i Sagvåg til den nye brannen.

- Annonse -

– Det er to stasjonart som har ressursar der ute no. Førebels er det to mannskapsbilar på plass.

Brannvesenet skal ha kontroll på brann nummer to utan at dette har spreidd seg til bustadhus.

Stord24 har snakka med ein person som befann seg i nabohuset. Han fortel om store, opne flammar.

– Eg sat i nabohuset, og så kom mora til kjærasten min og sa det brann. Då sprang me ut og såg det sto i full fyr. No er det kontroll på brannen, seier han.

Politiet: – Påfallande

Operasjonsleiar Kurt Løklingholm i politiet opplyser at dei førebels ikkje har noko kjennskap til om det går ein brannstiftar rundt i Nordbygdo.

– Me veit ingenting konkret anna enn at det har oppstått to brannar nære kvarandre, både geografisk og tidsmessig, så dette er jo påfallande. Den første brannen var jo akkurat avslutta, og så kjem nummer to. Så me vil jo undersøkje dette.

– Bør folk i området vere uroa?

– Me er iallfall interesserte i observasjonar som er gjort i området. Viss nokon har sett noko må dei melde frå, seier Løklingholm.

Sunnhordland skriv at politiet har pågripe ein person i samband med brannane, men dette er ikkje noko operasjonsleiaren kan stadfeste.

– Eg kan ikkje stadfeste dei opplysningane. Me har treft ein person i nærleiken som me står og snakkar me. Me vil jo undersøkje om han har noko tilknyting tll brannane, men førebels er det ingen som er pågripne.

Vitneobservasjonar kan meldast til politiet på telefonnummer 51 89 90 00.

Saka vert oppdatert.