Foto: Kværner
- Annonse -

Det samanslåtte selskapet vil ha rundt 15.000 tilsette.

Aker Solutions og Kværner er samde om å fusjonera dei to konserna. Dei opplyser at målet med fusjonen er å skapa ein organisasjon som har naudstynt størrelse og finansiell styrke til å kunna konkurrera og lukkast i den voksande marknaden for fornybbar og bærekraftig energi.

Fusjonen vil skje ved at Aker Solutions overtek Kværner sine eigedelar, rettar og pliktar.

– Ved å kombinera dei to selskapa og deira komplementære ressursar, vil me vere i stand til å levera eit meir komplett tilbod til energibransjen globalt, seier Leif-arne Langøy, som er noverande styreleiar i Kværner og som også blir styreleiar i det nye selskapet.

Det er venta at fusjonen vil bli gjennomført i november i år.

Dei to konserna vil ha kutta 1,5 milliardar kroner i kostnadar før fusjonen vert gjennomført. Det kan du lesa meir om her.

- Annonse -

Dagens Kværner-sjef Karl-Petter Løken trur det er eit rett val å fusjonera dei to selskapa

– Å kombinera Aker Solutions og Kværner i eitt selskap, vil samla ekspertisen og innovasjonsanden frå to sterke og kompatible kulturar, for å skapa verdiar for kundar, aksjonærar, samfunn og tilsette. Dette er eit riktig framtidsgrep, seier Karl-Petter Løken.

Løken kjem til å få ein ny stilling i konsernleiinga som øvste leiar for fornybarsegmentet.

Den nye konsernsjefen for det samanslåtte selskapet blir Kjetel Digre.

Det er no ti år sidan Kværner blei skilt ut som eit eige selskap. Om fusjonen betyr at verftet på Stord no tek tilbake Aker-namnet er førebels uklart.