BT si siste meiningsmåling før valet gir ikkje Leif Sande (Ap) stortingsplass, medan Liv Kari Eskeland (H) har god grunn tl å vere optimistisk. Foto: Leifsande.no/Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Med ein oppslutning på 30,1 prosent for Høgre, vil Liv Kari Eskeland vere sikra plass på tinget dersom dagens regjering held fram.

Den siste meiningsmålinga for Hordaland, utført av Respons Analyse på vegner av BT, viser små endringar blant dei store partia i Hordaland. Arbeidarpartiet går tilbake 0,9 prosent til 23,1 prosent, og Høgre ligg stabilt på 30,1 prosent som er det same som førre måling.

Med dette resultatet vil Høgre få fem representantar på tinget. Held dagens regjering fram, vil Liv Kari Eskeland, som er på 6. plass på stortingslista, få plass på tinget. Dette fordi Erna Solberg sin stortingsplass vil bli ledig og dei andre kandidatane vil rykke opp ein plass på lista.

For Arbeidarpartiet sin del betyr 23,1 prosent at dei ikkje vil få inn femtekandidaten sin, tidlegare fagrørsleleiar Leif Sande.

Venstre ute

Meiningsmålinga viser at det er hard kniving om stortingsplassane for dei små partia. Nestleiar i Venstre, Terje Breivik, mister stortingsplassen sin då partiet berre får 4,2 prosent oppslutning.

- Annonse -

Stortingsplassen går i staden til Miljøpartiet De Grøne sin førstekandidat Arild Hemstad, som får 4,9 prosent oppslutning, fram 1,4 prosent. Det vil i såfall vere første gong partiet blir representert på stortinget utanfor Oslo.

– Me har mobilisert utruleg mange. Det er dørbank frå Bømlo til Voss. Og det er kome veldig mange nye medlemmar til, seier Arild Hermstad til BT.

Små marginar for Hareide

SV går ned 1,1 prosent på målinga til 5,6 prosent og er dermed sikra plass til Audun Lysbakken. Knut Arild Hareide i KrF kan ikkje vere like trygg på sin stortingsplass, med ein oppslutning på 5,0 prosent, ned 0,6 prosent.

Framstegspartiet får 14 prosent oppslutnad, som er ein framgong på 1,7 prosent. Senterpartiet går ned 0,9 prosent til 8,1 prosent, og Raudt får 3,4 prosent oppslutnad, fram 0,4 prosent.

- Annonse -