Harmonie sin vindusfabrikk blir avvikla. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rundt 40 tilsette mister jobbane sine etter at Harmonie har bestemt å avvikkle produksjonen på dør- og vindusfabrikken i sommar.

– Sidan Harmonie blei starta i 2011 har me opplevd enorm suksess og vokst formidabelt kvart einaste år. I 2017 vald me å kjøpe eigen vindusfabrikk for å ta kontroll over det viktige leddet i verdikjeda som produksjonen står for. Det har vist seg i ettertid å vere vanskeleg å få til god nok produktivitet i fabrikken, skriv Harmonie i ei pressemelding som blei sendt onsdag ettermiddag.

– Det har vist seg i ettertid å vere vanskeleg å få til god nok produktivitet i fabrikken, og me ser at behovet for store investeringar er naudsynte for å skape ein tilfredsstillande lønsam drift vidare. Harmonie har difor avgjort å avvikle produksjonen i sommar.

Alle dei 30-40 tilsette på fabrikken skal i dag ha fått beskjed om at dei mister jobbane sine.

– Dette medfører ein nedbemanningsprosess som omfattar alle tilsette som er knytt til fabrikken, skriv selskapet.

– Forferdeleg trist

Klubbleiar ved fabrikken, Torstein Johansen, fortel at dei tilsette fekk den tunge beskjeden på jobb i dag.

- Annonse -

– Alle fekk beskjeden samtidig i dag. Det er forferdeleg trist at så mange må finne seg noko nytt å gjere på.

Han opplyser at dei per dags dato er mellom 30 og 40 tilsette ved fabrikken som no altså går ut i arbeidsløyse.

Johansen seier at avgjersla ikkje kom som noko veldig stor overrasking.

– Eg rekna med at det er ein både/og-kjensle hos mange. Dei har vore klar over utfordringa og har jobba vanvittig hardt for å få bukt med situasjonen. Men dei har jo vore klar over at dette har gått på feil side av streken.

Klubbleiaren meiner det ikkje noko grunn til å klandre Harmonie for avgjersla.

– Me har fått informasjonen me skulle ha undervegs, og det har vore fleire møte om den økonomiske situasjonen. Den avsluttande prosessen har vore ganske ryddig. Dei har følgt boka slik som dei skal.

– Kor lenge vil aktiviteten på fabrikken vere i gang?

– Den førebelse beskjeden er at me jobbar til ferien, og så er det oppseiingstid utan arbeidsplikt.

Johansen har likevel eit ørlite håp om at det kan skapast nytt liv i fabrikklokala på Sjoarresset.

– Me har kanskje eit lite håp om at nokon andre kunne tenkje seg å ta over. Men det veit me jo ingenting om. Det er jo ein fabrikk som står tom kor det er moglegheiter for å lage arbeidsplassar og tene pengar.

Det er andre gongen at dør- og vindusfabrikken blir avvikla. Det skjedde også i 2015, då den førre fabrikkeigaren J. Fjeltvedt AS måtte til skrifteretten.

- Annonse -