Stemninga mellom Sunnhordland Naturgass og leiinga i Stord kommune var svært god då avtala om tomta i Grunnavågen vart inngått i mai. No kan prosjektet falle i sanden. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommune og Sunnhordland Naturgass er kome fram til semje i forhandlingane ved at kommunen kjøper eigedomen på Seglneset og tilbyr ei tomt i Grunnavågen til etablering av biogassanlegget.

– Me har kome fram til ei avtale om etablering av biogassanlegg i Grunnavågen. Me har hatt forhandlingar heilt fram til helga og har no kome til ei avtale som begge synest er greie å leve med, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

Avtalen mellom Stord kommune og Sunnhordland Naturgass AS går ut på at kommunen kjøper selskapet som eig tomta på Seglneset, Coast Holding AS, inkludert selskapet si gjeld.

Samtidig overtek Sunnhordland Naturgass ein eigedom frå kommunen ved sjøen i Grunnavågen, like nord for Erko Settefisk. Dette er den gamle kiskaien som vart brukt til utransportering av kis frå gruvene på Litlabø.

Gir ros til kommunen for rask innsats

Det er rådmann Magnus Mjør og ordføraren, og til dels gruppeleiar i Høgre, Sverre Olav Svarstad, som har vore med i forhandlingsprosessane som no har resultert i semje. Dagleg leiar i SNG, Jan Kåre Pedersen rosar Stord kommune for å ha handla snart.

Jan Kåre Pedersen rosar kommunen for å ha jobba raskt. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Eg er ikkje nøgd med avtala, men dei har iallfall jobba snart. Me håper å vere klar til å  produsere gass i 2019. Så no gjeld det for oss å jobbe parallelt med alt me kan.

- Annonse -

Pedersen reknar at dei kjem til å tape mellom 20 og 25 millionar kroner på bygging av biogassanlegget i Grunnavågen, i staden for dei opprinnelege planane på Seglneset.

– Då me fekk opp alternativet på Jensaneset var det veldig kostnadseffektivt for oss. No blir det ein ekstra kost på 20-25 millionar fordi me må bygge ny hall og planere tomta. Det har me no lagt inn i kalkylen vår.

Samtidig viser Pedersen til andre fordelar ved ei etablering i Grunnavågen. Mellom anna at anlegget no vil ligge like ved Erko sitt settefiskanlegg, som vil kunne tilføre organisk materiale til biogassanlegget.

– Viktig å få etableringa på Stord

Ordføraren er nøgd med at dei har klart å få SNG til å realisere planane på Stord.

– For meg som ordførar har det vore viktig å få til denne etableringa på Stord. Det vil gi oss nye framtidsretta arbeidsplassar og vil gjere at me når våre klima- og miljønmål. Med denne etableringa vil Stord vere heilt i front når det gjeld grøn utvikling.

Epland understreker at det har vore viktig med brei oppslutnad når kommunen no har drive forhandlingar. Difor har han invitert inn opposisjonsleiar Sverre Olav Svarstad i forhandlingane og informert gruppeleiarane i alle partia.

– Dette har blitt ein ganske stor sak. Difor er det viktig at ein samlar det store fleirtalet om saka, seier Epland.

Tidkrevjande

Magnus Mjør seier det har vore ein komplisert og tidkrevjande prosess å sluttføre forhandlingane, der mange partar er involvert.

– Det har vore ein ganske stor jobb å få dette på plass. Det vedkjem både hamnestellet og reglane for kommunalt låneopptak. Me meiner me no har fått eit opplegg som ser bra ut økonomisk.

Slik avtala er lagt opp vil Stord kommune selje seg ned med 24,250 millionar kroner i det kommunale kraftsalsfondet. To av desse millionane skal finansiere aksjekjøp i Coast Holding AS, og 15 millionar skal gå til lån til det same selskapet. Dei resterande 7,2 millionane skal gå til kjøp av tomta i Grunnavågen av Stord hamnestell.

Rådmannen meiner Grunnavågen er ein svært god lokasjon for etableringa.

– Kommunen har heile tida hatt tankar om næringsverksemd på denne tomta. Det er også veldig god timing å gjere dette no i samband med at det skal byggast ny veg til Grunnavågen. Då kan ein legge alle kablar og få på plass naudsynt infrastruktur i samband med vegbygginga.

Reknar med inntekter på Seglneset

Det er Stord hamnestell som vil overta drifta av tomta på Seglneset. Rådmannen trur denne eigedomen vil skaffe pengar i kommunekassa, mellom anna som opplagshamn.

– Me har rekna at det blir ei årleg inntekt på denne eigedommen på rundt 700.000 kroner. Med desse transaksjonane vil det gå rundt økonomisk. På lengre sikt har me ikkje teke stilling til kva me vil gjere med eigedomen, seier Mjør.

Investor Jan Kåre Pedersen er no letta over at prosessen med å få etablert biogassanlegget no har kome eit hakk vidare.

– Me er voldsomt nøgd med at me får tilgang på den gamle kiskaien, og er sjølvsagt nøgd med at me får etablert oss på Stord. Det vil vere enormt mange moglegheiter som kjem ut av dette. No må me først få opp biogassfabrikken så snart som mogleg.

Det er formannskapet og kommunestyret skal handsame saka endeleg. Det vil skje på møte i mai.