Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lokalt brannmannskap på Huglo sløkte raskt brannen.

110-sentralen melde laurdag om fått fleire meldinger om skogbrann på Huglo, like etter klokka 16.

— Det er på Nord-Hugo det brann. Me er på veg over me ferja no. Men det ser ut som at eit oppegåande brannmannskap på Hugo har fått kontroll på brannen, seier Jan Tore Bruckner i Stord brann og redning.

Mindre område

Etter det han kjenner til var det ikkje fare for at brannen kunne spreie seg til bygninger.

— Me veit ikkje kor stort område det er snakk om, men dette er heilt nede ved sjøen så det skal ikkje vere fare hus hus.

Bruckner påpeiker at lite vind gjer sløkningsarbeidet lettare.

- Annonse -
- Annonse -

— Me skal vere glade for at det er så lite vind i dag.

Kunne blitt dramatisk

Sigurd Huglen bur på Hugo og fortel at brannen no er sløkt

- Annonse -

– Brannen er sløkt no. Det var ikkje eit stort område som Brann. Det er snakk om eit område i ein utmark ved sidan av ein skogsveg.

Huglen meiner likevel at det fort kunne blitt dramatisk.

– Dette kunne vore skummel. Hadde det vore litt meir vind kunne dette fort blitt ein større brann.

- Annonse -