Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ordføraren har bestemt seg for å stille på nytt som Stord Ap sin ordførarkandidatved neste kommunestyreval.

– Me er veldig glade for at Gaute Straume Epland har sagt ja til å vera Stord AP sin ordførarkandidat ved kommunevalet neste år, seier leiaren i nominasjonskomiteen, Hans Martin Haavik.

37-åringen vart ordførar sommaren 2017, etter at tidlegare Ap-ordførar Harry Herstad døydde. Epland er lektorutdanna, tidlegare handballspelar og sambuar med to barn.

– Gaute utfører ordførarjobben på ein samvitsfull og god måte. Han er brubyggjar i politikken og brenn for å utvikla stordsamfunnet til beste for oss som bur her. Me er sikre på at Gaute er rett person til å leia Stord kommune også i neste valperiode, seier Haavik.

Tidlegare i dag vart det kjent at Ap-topp Lene Pilskog ikkje stiller til attval.

- Annonse -

Stord Høgre skal nominere ordførarkandidaten sin i starten av september. Det ligg an til at det er Øyvind Kyvik (30) som vil vere partiet sin kandidat.

- Annonse -
- Annonse -

 

- Annonse -