Frå den første garasjenbrannen i Kviteluren i desember. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Fem personar blei evakuerte.

Brannvesenet fekk melding om full fyr i garasje i Kviteluren på Haga kl. 15.27.

Det var då meldt om stor spreiingsfare. Heldigvis klarte brannmannskapet å få kontroll på brannen før brannen fekk spreidd seg i bustadfeltet.

Foto: tipsar

– Det er evakuert fem personar frå nærliggande hus, sa operasjonsleiar Britt Randulff i Sørvest politidistrikt.

Det brann også i vegetasjonen på staden.

Klokka 16.30 var brannen meldt sløkt. I tillegg til garasjen som er nedbrent, har også ein bil og ein båt gått tapt i brannen.

- Annonse -

Då Stord24 var på staden kl 16.30 var det mange utrykkingskøyretøy på staden frå alle naudetatane. Ein person var til sjekk hos ambulansepersonell.

Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Eg har ingen informasjon som tyder på at dei skal vere skada, seier operasjonsleiar Brit Randulff i Sør-Vest politidistrikt til NRK Hordaland.

Politiet melder seinare at garasjeeigaren pusta inn noko røyk og blei sett til av ambulansepersonell.

110-sentralen opplyste at brannvesenet hadde kontroll på brannen etter kort tid.

– Mannskapet er framme og dei sløkker frå to sider. Dei har rimeleg god kontroll på staden. Det bles godt, men det skal ikkje vere noko spreiingsfare, opplyser vaktleiar ved 110-sentralen, Kenneth Heigre.

– Er det berre i garasjen det brenn?

– Eg trur det berre er garasjen som har brent, og så har det nok huset ved garasjen blitt svidd, men eg trur ikkje det har brent i huset.

Han opplyser at bebuarane som var evakuerte bur i dei fire nærmaste husa.

Høgre-politikar Fredrik Litleskare var ein av dei som hjelpte til med brannsløkkinga.

– Eg var ikkje meir enn heimkomen frå Nordsjøen før eg og fleire måtte springe og bidra til å dempe flammehavet. Heldigvis vart hovudhuset berga. Bra jobba av frivillige og brannvesenet, skriv Litleskare i ein kommentar.

Stord24 har fått tilsendt to videoar av tipsarar som viser omfanget av brannen:

- Annonse -
Forrige artikkelÅtte personar mista heimen sin i Sveio
Neste artikkelM/S «Fjordprinsen» har forlete reiret
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no