Øyvind Kyvik og Sverre Olav Svarstad frå Stord Høgre (i midten), samt Magne Jostein Mikkelson og Kurt Arne Tyse i Fronta, er nøgd med at det endeleg blir ei løysing i Biltema-saka. Foto: Stord Høgre
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det gjekk endeleg vegen for Biltema på Vest, som no har fått ja frå departementet på dispensasjonssøknaden.

Det er Stord Høgre som kjem den den etterlengta, positive nyheita fredag morgon.

– Me har nå fått ei god og klok avgjersle i Biltema-saka. Departementet har teke den avgjersla me alle har håpa på – nemleg at Biltema skal få etablera seg på Heiane Vest, melder Stord Høgre i ei pressemelding.

– Nyttar å argumentere

Lokallaget fortel at tidlegare Stord-ordførar og stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland har vore sentral å få gjennom avgjersla.

– Stord Høgre er glad for at me i eit nært og godt samarbeid med Liv Kari Eskeland og Stord kommune har nådd gjennom med vår argumentasjon og Stord og Sunnhordland framleis skal få ha Biltema på Stord.

– Det viser at det nyttar å argumentere sakleg og bruke våre lokale representantar på Stortinget sjølv om Fylkesmannen meiner noko anna.

– Demokratiet fungerer

- Annonse -

Fronta-sjef Kurt Arne Tyse er sjølvsagt godt nøgd med nyheita. Fronta har investert over 50 millionar kroner i bygget, og risikerte å sitje igjen med svarteper dersom det ikkje blei noko av.

– Dette var veldig bra. Dette er eg godt nøgd med, og det viser at demokratiet fungerer. At sjølvråderetten er på plass. Det departementet har gjort er heilt rett. Både dei og administrasjonen i kommunen har gjort ein fantastisk jobb.

 

- Annonse -