- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag kom den etterlengta avgjersla om lokaliseringa av Sunnhordland Naturgass sitt planlagde biogassanlegg.

– Dette har vore ein tung beslutning, som me har jobba både seint og tidleg å kome fram til, innleia dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass, Jan Kåre Pedersen.

Dei siste vekene har dei jobba intenst med å avklare kva av dei tre aktuelle alternativa dei skulle lande på: Serklau på Bømlo, Årskog i Fitjar eller Eldøyane på Stord.

I går kom altså eit samrøystes styre fram til å gå for Eldøyane.

– Me reknar med prøveproduksjon første kvartal i 2020, fortel Pedersen.

Fordel med eksisterande nett

Pedersen seier at det eksisterande røyrnettet på Stord er ein av fordelane. I dette gassnettet har SNG allereie 450 kundar.

- Annonse -
- Annonse -

– Det har ein god del å gjere med at me har eit eksisrterande nett frå før. Og at me har eit anlegg som står på Eldøyane med eit fordamparanlegg og eit anlegg som er knytt innpå med ein tank, seier Pedersen.

I tillegg fortel han at det er ein viktig faktor at Stord kommune ligg langt framme med fjernvarmenett som er knytt saman oppe på Vikahaugane, som kan levere til skulane og idrettshallar. I tillegg er det planlagt varmenett ned til kulturhuset og sjukeheimane.

– Kommunen er voldsomt interessert at biogass skal bli nytta til dette, og det er stort engasjement om at også bussane i regionen skal kunna gå over til biogass, seier Pedersen.

I følgje SNG sine beregkningar vil det vere over 600 meter frå eit biogassanlegg i Eldøyane til næraste bustadhus i Kårevik.

Synd å skuffe bømlingane og fitjarbuen

Pedersen seier likevel at det var trasig å måtta skuffe innbyggjarane på Bømlo og Fitjar.

– Det har vore to gode alternativ på Moster og Fitjar, og har møtt så mykje positivitet. Det er synd, og me vil sjå kva me kan setje opp på dei andre plassane etter kvart.

- Annonse -

Han utelukkar likevel ikkje at det kan bli mindre satelittanlegg på desse tomtane seinare, slik dei tidlegare har varsla kan bli etablert på Seglneset.

– No konsentrerer me oss om Eldøyane, og kjem tilbake til Seglneset når me er klare. Det som er heilt klart er at det er ein del område som me synest er interessante. Me har ikkje kapasitet til å bygge meir enn eitt anlegg, men du skal aldri seie aldri. Viss det er andre drivarar som er interessert så kan me gå inn som deleigar.

Står fast på kritikken

Sjølv om SNG dei siste vekene har hatt tett dialog med administrasjonen i Stord kommune, held dei fast på den skarpe kritikken dei retta mot kommunen i førre runde, då dei gjekk vekk frå Grunnavågen som lokasjon. Då sa dei også at arbeidsplassane ikkje ville kome til å bli etablert på Stord.

– Me opprettheld kritikken som blei sagt på måten me blei behandla i Grunnavågen. Grunnen til at me følte oss vonbroten var at det på førehandskonferansen blei sagt at det var i orden å søkje dispensasjon. Det er ikkje til å stikke inn under ein stol at dette gjorde det vanskeleg med dialog. Det var jo ikkje før på slutten at alternativet med Eldøyane kom opp.

– Når vil de begynne å tilsetje folk på Eldøyane?

– No må me først få klarheit i tidsrammene, og kva tid me kan begynne å grave. Me vil gå i gang med ein gong når me får byggeløyve. Så vil det andre kome gradvis.

– Er de glade for endeleg ha landa på ei avgjersle?

– Me er vel ikkje glade, for me har jo halde på så lenge med dette. Det blir jo ikkje framdrift og business av å reise rundt og gjere så mykje som me har gjort i denne saka. Det er ikkje enkelt å jobbe med media rundt oss. Eg er for openheit, men det kan ikkje bli så mykje openheit at me kan ikkje gjere business.

– Eg trur mange av dei som jobbar her synest det er greitt å få ei avklaring. Det synest jo eg også, men det er jo tredje gongen me har ei avklaring så får me sjå kva det endar i.

- Annonse -