Leirvik skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Alle skulane og barnehagane i landet blir stengde. Det er eitt av tiltaka regjeringa kjem med torsdag for å hindre virusspreiing, etter det NTB erfarer.

Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) møte pressa for å leggje fram nye tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset klokka 14 torsdag.

Også helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg vil vere til stades på pressekonferansen på Statsministerens kontor.

Tidlegare torsdag vedtok Oslo kommune å stengje alle skular og barnehagar frå og med måndag 16. mars.

Inngripande tiltak

På torsdag varsla ei rekkje fylke i Noreg at dei stengjer skular og barnehagar.

Solberg varslar på førehand at tiltaka som blir sette i verk mot koronasmitten, er dei mest inngripande vi har hatt i fredstid.

- Annonse -

– Vi må vere førebudde på at vi i dag kjem med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i fredstid i Noreg, sa Solberg på besøk hos Beredskapsutvalet mot biologiske hendingar torsdag.

Utvalet samlar ulike etatar som jobbar med å handtere koronakrisa.

Tiltak i Danmark

Danmark innførte allereie onsdag strenge tiltak for å hindre smittespreiing. Der vart alle offentleg tilsette som ikkje har det som blir omtala som kritiske funksjonar, sende heim fredag.

Tilsette i helsevesenet, eldreomsorga og politiet blir likevel på jobb som vanleg.

Solberg understrekar at ein må ha tiltak som gjer at samfunnet framleis fungerer, og særleg gjeld det helsevesenet og andre funksjonar som er samfunnskritiske.