Jonatan Gniste og Tor Jæger Koppang i Utdanningsforbundet på Stord. Foto: Utdanningsforbundet
- Annonse -

DEBATT: Lærarhjarta våre blør når elevane vert råka av denne konflikten. Men elevane vert råka enno hardare dersom dei ikkje får utdanna lærarar til å gjera den viktige jobben undervisning og utdanning er.

Av: Tor Jæger Koppang, leiar,
Anne Margrethe Madtsen, nestleiar,
og Jonatan Gniste, hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet Stord

Måndag 29. august vert lærarstreiken trappa opp med over 1400 nye lærarar. Med det er om lag 3000 lærarar over heile landet i streik.

Lærarhjarta våre blør når elevane vert råka av denne konflikten. Me som til dagleg står i klasserommet skjønar svært godt kva det vil seia at elevane ikkje får opplæringa si. Men elevane vert råka enno hardare dersom dei ikkje får utdanna lærarar til å gjera den viktige jobben undervisning og utdanning er.

Me trappar opp streiken for å pressa KS tilbake til forhandlingsbordet. Utdanningsforbundet har på inga vis kravd eit urimeleg lønstillegg. Me streikar fordi lærarane for sjette år på rad har fått eit dårlegare lønstilbod enn resten av kommunesektoren. Dersom me trekkjer linene tilbake til 2004, då KS overtok ansvaret for lærarane, ser me at etterslepet for perioden 2004–2020 er på 14,4 prosentpoeng. Dette har partane dokumentert i ein fellesrapport frå 2021. Med det tilbodet KS har lagt på bordet i år, kjem etterslepet til å auka endå meir i 2022.

Gong på gong må lærarane stilla bakarst i køen. Gong på gong blir lærarane lønstaparar. Gong på gong syner KS at dei nedprioriterer skulen.

- Annonse -

Slik kan det sjølvsagt ikkje halda fram. Difor hadde ikkje Utdanningsforbundet noko val denne gongen. Det måtte bli streik.

Den norske fellesskulen er kanskje den viktigaste berebjelken i velferdsstaten vår. Fellesskulen er eit nasjonalt ansvar, og det bør uroa både lokale og sentrale politikarar at KS nedprioriterer, nedvurderer og snakkar ned ei så stor og viktig yrkesgruppe som lærarane. Det skaper dårleg omdømme. Det gjer at færre ungdommar ynskjer å ta fatt på ei lærarutdanning, og at fleire røynde lærarar får lyst til å forlata skulen.

40 000 lærarar har valt ein annan arbeidsplass enn skulen, medan nesten kvar femte person som underviser i skulen, ikkje er lærarutdanna. Dessutan fell talet på søkjarar til lærarutdanninga for tredje år på rad.

Utdanningsforbundet Stord veit at dette er tal som uroar dei lokale politikarane våre. Politikarane spelte inn at lærarane skulle prioriterast i dette lønsoppgjeret. KS gjorde det stikk motsette. No ventar me at lokalpolitikarane ber KS om å koma seg tilbake til forhandlingsbordet.

Stord kommune er enno ikkje råka av streiken, men sinte og frustrerte lærarar i kommunen vår er klare til å streika. Det hastar med å finna ei løysing. Skal de satsa på elevane, må de satsa på lærarane.

- Annonse -
Forrige artikkelDifor er Braut Haaland sitt privatfly jamnleg på Stord
Neste artikkelStarta som ekstrahjelp for fire år sidan. No har Thor (25) fått jobb som restaurantsjef