Berre nore tre hindra at bosbilen frå SIM hamna i fjøresteinene på Tysnes. Foto: tipsar
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fredag morgon hamna ein bosbil frå SIM i grøfta i ein smal veg på Skorpo i Tysnes. Det kunne endt mykje verre.

Stordabu Tor Ståle Nygård har hytte like ved og kom raskt ned til bosbilen. Han konstaterer at sjåføren bør prise seg lykkeleg for at det var nokre store tre i grøfta.

Foto: tipsar

– Dette kunne ha vore dramatisk om det ikkje hadde vore for desse trea. Då hadde han ramla nede i fjøresteinane.

Kommunikasonssjef i SIM, Janne Hillersøy, seier at bosbilen ikkje var køyrbar etter hendinga.

– Bosbilen kom utanfor vegskuldera på eine sida, og klarte ikkje å rette det opp igjen. Då hamna den i grøfta. Det var veldig smalt på vegen

- Annonse -

– Det gjekk fint med sjåføren, men bilen fekk ein del skadar. Den er på verkstad, men var ikkje køyrbar etter ulukka, seier Hillersøy.

- Annonse -
- Annonse -

Tidlegare i år hamna ein annan lastebil frå SIM i grøfta på Heiane. Hillersøy fortel at desse hendingane ikkje får økonomiske konsekvensar for avfallsselskapet.

– Desse tenestene er noko me har ute på anbod, så det er andre firma som køyrer for oss. Me har difor ikkje gått på økonomisk tap grunna dette. Dette er i prinsippet ikkje våre tilsette, men me har jo samtidig ansvar for dei.

- Annonse -