Her er bilete av våpenet som faren og sonen tok med på utestaden. Foto: politiet
- Annonse -

Mannen i slutten av 30-åra som vart arrestert etter å ha hatt med seg ein replika av eit automatvåpen på ein utestad i Sagvåg er no sikta.

Det var på søndag at væpna politi rykka ut til utestaden Mona Lisa i Sagvåg sentrum, etter at dei tilsette meldte frå om at to menn hadde teke med seg ein våpenkopi.

– Det er uklart om kva som er årsaka til at dei hadde med seg våpenet som viser seg å vere ein replika i plast av eit heilautomatisk militærvåpen, uttalte politiet.

Dei to som hadde med seg våpenkopien var ein far og ein son med aust-europeisk opphav. Faren, som var rusa, vart frakta i arresten etter opptrinnet.

No skriv Haugesunds Avis at faren er sikta for å ulovleg væpning på offentleg stad.

- Annonse -

– Det gjenstår eitt avhøyr, og i tillegg skal etterforskar gjere opp beslag. Saka vil bli sendt til påtale for vidare avgjersle, seier politiadvokat Sidsen Tunestveit til avisa.

- Annonse -
- Annonse -

Då politiet ransaka bustaden til faren og sonen, fann dei ytterlegare tre våpenkopiar.

Væpna politi og ambulanse rykka ut til Sagvåg etter hendinga på søndag. Foto: tipsar