- Annonse -

Det varme sommarvêret har ført med seg mange alkoholrelaterte hendingar for politiet i natt.

Like etter klokka 3 natt til søndag fekk politiet melding om ei kvinne i 30-åra som køyrde bil i alkoholpåverka tilstand.

– Ein patrulje vart sendt til staden der bilføraren budde, og då tok me kontroll på ho og framstilte ho for blodprøve. Ho var synleg rusa då politiet tok kontakt med ho, fortel operasjonsleiar André Skram Hansen i Sør-Vest politidistrikt.

Ho er no sikta for promillekøyring av politiet.

Politiet fekk også fleire valdsrelaterte episodar å stri med natt til søndag. Ein patrulje kom først over eit slagsmål i Leirvik sentrum, der ein person var slått ned.

- Annonse -

– Han blødde godt og vart sendt til legevakta, men han sa til patruljen at han ikkje ønskte å melde saka til politiet.

Det tok ikkje lang tid før det vart eit nytt tillaup til slagsmål i Leirvik sentrum. To personar blei vist bort av politiet i halv fire-tida søndag morgon, etter at dei hadde barka saman.

Men natta var ikkje over for politiet på Stord. Like før klokka 4 køyrde ein patrulje til eit nachspiel i Sagvåg, etter å fått melding frå ein mann som sa han van var truga på livet.

– Det var fem personar på eit nachspiel, der ikkje alle var vener. To av dei hadde gått laus på han som ringde politiet. Det skal ha vore noko damekrangel, og her er det mogleg det blir politimeldingar, seier Hansen.

– Det har vore ei travel natt for politiet, både i distriktet og på Stord. Det har vore mykje tull og spetakkel. Mykje alkoholrelaterte hendingar, seier operasjonsleiaren, som ikkje er i tvil om at det er finvêret som er årsaka.

- Annonse -