Ingenting å seie på størrelsen på denne bustaden, som låg ute for sal til 6,8 millionar kroner. Foto: DNB Eigedom
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Hestesportsenter får seks millionar kroner for Kurt Arne Tyse sin tidlegare eigedom. – Kjøparane er veldig nøgde med huset, seier meklaren.

I september i fjor vart den 369 kvadratmeter store villaen i Nordbygdo lagt ut for sal. No er eigedomen endeleg selt.

– Me har hatt tre bodgjevarar totalt, men det har teke litt tid. Litt dyrare eigedomar går enten med ein gong eller så tek det ein del tid, seier meklar Øystein Wiland Nesse i DNB Eigedom.

Torsdag kveld aksepterte Stord Hestesportsenteret det siste bodet, som var på seks millionar kroner. Det er 800.000 kroner mindre enn prisantydinga på 6,8 millionar.

– Eg kan ikkje gå ut med kven kjøparane er, men dei er veldig nøgde med huset, seier Nesse.

Eigedomsmeklar i DNB, Øystein Wiland Nesse. Foto: DNB

– Den største interessa eg har opplevd

Meklaren fortel om rekordstor interesse for eigedomen.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg trur me har passert 30.000 klikk på annonsa. Det er det meste eg har opplevd nokon gong som meklar. Det er jo ein sjeldan eigedom, så det er mange som har vore nysgjerrige.

Det var Fronta-sjef Kurt Arne Tyse som bygde huset i 1997. Sidan har det vore ein eigar etter han, som sidan selte eigedomen til Stord Hestesportsenter.

- Annonse -

Ville sikre seg utmark

Bakgrunnen for villaen var i Stord Hestesportsenter sitt eige har samanheng med utmarka rundt. Hestesportsenteret sikra seg den tomten i Tysemarkjo til 14 millionar kroner, men var ikkje ikkje interessert i den herskapelege villaen. Etter fleire politiske handsamingar fekk dei godkjent å skilje ut ein mindre tomt rundt huset.

– Desse pengane kjem nok godt med for hestesportsenteret, seier meklaren.

Dei har tidlegare uttalt at dei ønskjer å bruke pengane frå hussalet til å investere i nye ridebanar.

Leiar i Stord Hestesportlag, Siren Hinderaker, vil førebels ikkje ut med opplysningar om eventuelle investeringsplanar.

– Eg vil avvente og få ting litt formalisert, så får me heller gi ei uttale på dette seinare, seier ho.

Rundt eigedomen er det berre landbruksareal og hesteløyper. Foto: DNB Eiendom

- Annonse -