Britt Synnøve Johansen i Gjertruds Sigøynerorkester viste seg igjen som ein strålande entertainer, t.h. Gjertrud Økland. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Temakvelden med Fitjar kammerkor, Gjertruds Sigøynerorkester og Britt Synnøve Johansen blei ei sterk oppleving for eit rekordstort og svært takknemleg publikum i Fitjar kyrkje.

– Det er lenga sidan det har svinga slik i serken; dette er er det levande livet, med sorg og glede! Sånn er livet, og det har me plass til i Fitjar kyrkje! slo ei overvelda og svært takknemleg Eli Simonsen fast etter konserten i går kveld.

Og ho var slett ikkje åleine. Rundt 250 publikummarar hadde funne vegen til kyrkja, eit tal som er langt over gjennomsnittet for temakveldane. Det var tydeleg at kveldens tema hadde vekt interesse langt utanfor dei tradisjonelle temakveldtravarane sine krinsar, og Fitjar sokn. Ein stor del av publikum var musikkjennarar frå Stord.

Både Fitjar kammerkor og Eli Simonsen i temakveldgruppa har lenge lova ein kveld det svinga av. Og knapt nokon i den fullsette kyrkja kunne bli skuffa over dette!

Solist Britt Synnøve Johansen med topp musikarar i Gjertruds Sigøynerorkester, f.v. Helene Waage, Trond Villa, Gjertrud Økland, Pål Thorstensen, Ernest Bangó, Tom Karlsrud og Georg Reiss. Foto: Kjetil Rydland.

Leiaren i koret, Jorunn Hernes, gjorde greie for opphavet til «dei reisande», som begynte å koma til Skandinavia allereie på byrjinga av 1500-talet. Ho minte om at det norske samfunn ikkje har nokon ærerik tradisjon når det gjeld behandlinga av sigøynarar, taterar og splintar. Stikkord her er assimilering, omstreifarmisjon, tvangsbusetjing og tvangsflytting.

I samtale med Jorunn Hernes minte Jørn Karlsrud om at sigøynarmusikk har blitt brukt i valsetradisjonen og av klassiske komponistar. Utan at æra nødvendigvis tilfall dei som stod bak denne musikken.

- Annonse -
- Annonse -

I konserten tok Gjertruds Sigøynerorkester og solist Britt Synnøve Johansen oss med over store delar av verda. Og me fekk eit møte med kjend og litt meir ukjend sigøynarmusikk frå blant anna Portugal, Argentina og Russland. Dette var sterk kost som må ha gått rett til hjarta på tilhøyrarane.

- Annonse -

– Best ever! var blant kommentarane me snappa opp i benkeradene etter den sterke framsyninga.

Og superlativa hagla frå særs musikkunnige tilhøyrarar. Musikarane i det kjende sigøynarorkesteret kjem alle frå øvste hylle, og det merkast. Britt Synnøve Johansen kjenner me frå media og frå Sommarrevyen, og ho skuffa ikkje. Med sterk sjarm og den spesielle stemma si tok ho igjen publikum med storm. Og Fitjar kammerkor kom godt frå oppgåva si, både dirigent Helge Haaland og songarane fortente både rosen og rosene!

Primus motor i Gjertruds Sigøynerorkester, fiolinist Gjertrud Økland, fortel at det er første gongen orkesteret hennar spelar med eit kor. Og ho var strålande fornøgd med samarbeidet med Fitjar kammerkor etter konserten.

– Dette gjer me meir enn gjerne opp att! seier ho til Fitjarposten. Måtte det bli på Fitjar! seier me.

Fitjar kammerkor gjorde ein flott figur. Foto: Kjetil Rydland.

- Annonse -