Svein Tang Wa kjem til jazzklubben på Stord til helga. Pressefoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Laurdag blir det konsert med Stavanger-kunstnaren Svein Tang Wa og bandet Gjøkene på Grand Hotell.

Svein Tang Wa vaks opp i Stavanger med kinesisk bestefar. Han er ein av dei fremste kunstnarane frå Stavanger og han er kjent som både trubadur, gitarist, bildekunstnar og skodespelar.

Ikkje minst er han kjend som ein stor ordkunstnar med tekstar både til eige bruk og til band som Vamp, Stavangerensemblet og Leif og kompisane.

– Det stavangerske lynnet og tilhøyrande dialekt er perfekt som «boltreplass» og uttrykksreiskap for denne markante musikk-personlegdommen som alle i vid omkrins set stor pris på å lytta til, skriv leiar i Stord Jazzklubb, Olav Fjell i ei melding.

Svein Tang Wa har i alt gitt ut åtte plater, den første alt i 1980. Han har fått ein samstemt hyllest frå norsk musikkpresse for sitt siste album «Perler fra Svein» som kom ut for eitt år sidan. «Perler fra Svein» er typisk Tang-Wa-ordspel på «perler for svin».

- Annonse -

– Ein konsert med Svein Tang Wa er alltid uføreseieleg. Det er moro og leik med ord, men og alvor og livsvisdom i det Svein serverer, freistar Fjell.

- Annonse -
- Annonse -

– Bandet hans,  «Gjøkene» er etter kvart ein gjeng modne herrar, men dei blir alle som barn igjen i møte med Svein. Dei tilhøyrer «kremen» av musikarar i regionen.

Konsertstart førstkomande laurdag klokka 15 på Grand Hotell.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -