Det er ikkje berre vinden som har gjort oppstarten til Torghatten på ferjesambandet Sandvikvåg - Halhjem ekstra turbulent. Arkivfoto: Kjetil Rydland
- Annonse -

– Dette er heilt klart ikkje tilfredsstillande for dei reisande, eller for oss som oppdragsgivar, seier regionvegsjef Helge Eidsnes til NRK om problema på ferjesambandet mellom Stord og Os.

NRK har innhenta ferske tal frå trafikkselskapet Torghatten Nord, som tydeleg viser kor store problema har vore sidan nyttår.

Frå 1. til 13. januar skulle det ha gått 1084 ferjeavgangar mellom Halhjem og Sandvikvåg. Berre 959 av dei har fått. Det betyr at 125 avgangar, eller 12,5 prosent, er blitt kansellerte. I snitt er det blitt kansellert ti avgangar kvar dag.

Torghatten Nord meiner dei berre har hatt ansvar for rundt 25 av desse kanselleringane, og skuldar på vêrforholda.

– Hundre av kanselleringane skudast vêrforhold, pluss forhold som me ikkje rår over, og det er nokre avgangar som også er omfatta av reint trafikale forhold, seier dagleg leiar Torkild Torkildsen i Torghatten Nord.

Men den tidlegare ferjeoperatøren Fjord 1 har uttalt at vêret måtte vere ekstremt dårleg for at dei skulle innstille avgangar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Normalt måtte det ha vore nokså ekstremt vêr eller svært dårleg sikt for at me skulle innstille avgangar. Me har nesten ikkje hatt kanselleringar på grunn av vêret, sa regionleder Tor Kristoffersen i Fjord 1 til Bergens Tidende.

Statens Vegvesen seier at Torghatten Nord kan vente seg store bøter for alle dei innstilte avgangane.

– Dette er heilt klart ikkje tilfredsstillande for dei reisande, eller for oss som oppdragsgivar, seier regionveisjef Helge Eidsnes til NRK.

- Annonse -