Illustrasjonsfoto: Oppegård kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Mange av dei som har størst behov for plass, vil truleg ikkje ha råd til å betale SFO-plass, skriv leiaren ved FAU ved Hystad skule, som er sterkt uroa for rådmannens sine føreslåtte SFO-kutt.

Av: Inger Berit Hagen,
leiar i FAU ved Hystad skule 

FAU reagerer på at det vert foreslått å kutta i elevressursen. Me ser med sterk uro på at skulane får mindre pengar til delingstimar, lærebøker, spesialundervisning av lite og moderat omfang, turar, vikar og anna.

Skal me skape ein god skule for ungane på Stord, treng elevressursen å styrkast, ikkje svekkast.

FAU ser med stor uro på at kostnaden på SFO-plass i Stord kommune vert foreslått auka med 12 prosent. Med det vil kostnaden på SFO-plass i Stord kommune vera mellom dei dyraste i landet.

Dagens SFO har ikkje søskenmoderasjon, og ein tar ekstra betalt for både mat og eventuelle turar. Stord kommune held på med eit viktig prosjekt om ein inkluderande skule, SFO og barnehage. Dersom kostnaden på SFO-plass er så dyr at mange ikkje har råd til å betale, kan ein ikkje inkludere SFO i dette prosjektet. SFO vil då vera eit ekskluderande tilbod i Stord kommune.

- Annonse -
- Annonse -

Mange av dei som har størst behov for plass, vil truleg ikkje ha råd til å betale. M

- Annonse -

e veit at alt slik det er i dag, er det svært få fjerdeklassingar som går i SFO. Med denne kostnadsauken vil truleg enno fleire slutte.

Stord kommune bør skrote opplegget med SFO til sjølvkost. Til samanlikning gir byrådet i Bergen no signal om at dei vil innføre gratis SFO.

FAU ved Hystad skule vil oppmoda politikarane i Stord kommunestyre om å satse på skule og SFO. Barna våre fortener det!

Innlegget er også sendt som merknad til rådmannen/formannskapet sitt budsjettframlegg.

- Annonse -