Violent Night er den nyaste filmen til Tommy Wirkola. Foto: United International Pictures
- Annonse -

Filmmelding: Gi nissen ei slegge så ordnar han julefreden…

Av: Severin Eskeland

Juletre, nøtter, glitrande pynt, graut, pinnekjøtt, og ikkje minst presangar er det mange assosierer jula med. Og sistnemnte er ofte synonymt med ein figur i rød dress og kvitt skjegg.

Eg hugsar sjølv dagen eg fann ut at nissen ikkje fantes, pga ein spesiell sinnabror som plapra, men tanken på nissen har alltid gitt meg ein spesiell følelse. Ein følelse av glede, og nissen som kjem og gjer det magisk for borna våre på den fine dagen. Eg er og ofte nisse på julafta, og såg at mine eigne ungar i starten ofte var redd då eg kom busande inn døra i fullt kostyme. Dette måtte gjerast varsamt merka eg fort.

Så er nissen eigentleg ein farleg type?

Folkekjære julefimar

Gjennom tidene så har det blitt produsert utallige filmar om julas gleder, og familiar samlar seg foran TV’en år etter år for å sjå dei same klassikarane om igjen. «Askepott», «Reisen til Julestjerna», «Home alone», “Love actually”, og ikkje minst mine personlege favorittar «Hjelp det er juleferie», og «Die hard» JA, det er ein julefilm folkens!

Men det er og laga filmar kor sjølvaste nissefar er ein gal seriemordar. Blant disse så finn me skrekk-klassikarar som «Silent night, deadly night», som kom ut i 1984, og fekk folkemengder til å demonstrera utanfor kinoar over heile USA. Dei fekk faktisk filmen fjerna frå plakaten.

- Annonse -

Det har og vært laga ein del skrekk-komediar kor nissen er ute etter å ta dei som ikkje har vore snille.

Og det er nok i det terrenget vår eigne norske Tommy Wirkola sin siste filmtolkning av nissen befinn seg.

Mørkt julestemning

Wirkola som sist laga den ekstremt underhaldande «I onde dagar» som alle kan sjå på Netflix, og tidlegare den kritikarroste zombie-skrekk-komedien «Død snø».

No er han då ute med ny julefilm frå Universal Studios, og Tommy. Gledeleg takk skal du ha!

Dette opnar på ein mørk pub i England kor fleire nissar sitt etter endt skift frå dei lokale kjøpesentra og drikk sine velfortente øl. Og det vil visa seg at ein av dei faktisk er den ekta julenissen, spela av “Stranger Things”-sheriff David Harbour.

Han er no godt påsegla, og vurderer å leggja opp som pakkeleverandør til verdas born på grunn av grådigheita, og deira higen etter kun pengar og videospel. Han slitt og litt på heimefronten med fru Nisse, så han trøystar seg med all alkohol han finn i heimane han besøk.

Etter at han tek av frå taket med sleda si frå denne puben, spyr på verten og urinerer på Washington-monument havnar han ned ei pipe han kanskje skulle ha revurdert å hoppa ned i.

I huset så held den styrtrike familien Lightstone til, og alle dei grådige familiemedlemane kjem kun på julefeiring for dei vil ha klørne i mamma (Beverly D´Angelo, bl.a. kjend frå akkurat “Hjelp det er juleferie”) sine pengar. Og alle utanom litle Trudy så er det sjølvsagt ingen i familien som trur på julenissen.

Men det er og uinnbudne gjester som dukkar opp på årets feiring. Ein gjeng skurkar med maskingevær som og vil ha klørne i mammas pengar. Allereie her så begynner referansar til både “Home alone”, og “Die hard” å dunke inn, og eg kjenner at eg kosar meg meir og meir.

Må redda jula

Reinsdyra stikk av frå nissefar då action oppstår, og han blir innesperra i huset. Det er då Trudy spela av Leah Brady får kontakt med han via ein walkie-talkie. Ganske likt Bruce Willis i “Die hard» kor han snakkar med officer Al Powell på utsida.

Trudy treng hjelp frå nissen for å redda familien, og ho sjølv lagar feller som er meir eller mindre snytt ut av nasen på “Home alone”. Og som dei ikkje så smarte skurkane går rett i. Men her får utfallet av fellene eit litt anna resultat enn i barnevennlege “Home alone” for å sei det mildt.

Nissen må redde litle Trudy og familien frå den sikre død, og han gjer dette på måten han gjorde det før han blei nisse. For han var faktisk noko anna for 1100 år sidan. Dette får dykk heller gleda dykk til å sjå, men han dreiv med valdelige saker så det er sagt. Og bestekompisen hans var slegga “Skalleknusaren”.

Så no blir han nødt til å ty til gamle vanar, og han held ikkje tilbake for å redda jula, og livet til familien Lightstone.

Volds-orgie

Wirkola serverer oss med «Violent night» ei volds-orgie utan like, der nissefar tek seg av skurkane ein etter ein på ekstremt vis, og det er ikkje få av dei. Ein kan tenke seg at Jason Voorhees med hockeymaska ville vært misunneleg.

Mykje blod og gørr blir det, men dette er og laga av teamet bak “John Wick”-filmane, så actionsekvensane er fantastisk koreograferte. Med andre ord, skikkeleg gladvold med feit filming.

Teknisk messig så er dette ein svært så gjennomført film, og er nok Wirkolas beste etter mi meining.

Historia er åpenbart skrevet av fans av sjangera, og den svarte humoren kjem fram i nesten kvar einaste setning. Eg sat og smålo heile vegen, både av den overdrevne valden, men og av ansiktsuttrykk, kommentarar og handlingar karakterane gjer. Og skodespelar-ansamblet er det ikkje mykje negativt å sei om.

Filmen har faktisk eit bodskap i seg og tru det eller ei, og dette er nok grådigheita som rår hos unge i dagens samfunn. Alle vil ha pengar til jul, noko som er grunnen for at nissefar no vurderer å gi seg for godt, og er då blitt ein dreven alkoholikar. Han har rett og slett mista gleda ved å gi. Men ved å treffa dei rette menneska så kan jo kanskje ting endra seg.

Jaggu meg som det sit

Dette er som nemnt ein slags “Die hard” historie om ein byttar ut skyskraparen med et herskapshus, men og ein vaksen-versjon av “Home alone”. Så dykk som har sett disse kjem nok til å kjenna igjen mange scenar. Og til og med litt frå «Rambo» er putta inn. Gled dykk.

Sjølv om dette er ein pur actionfilm av den valdelige sorten, så er nok essensen av historia eigentleg familieverdiar, og det blir noko rørande til tider. Bra Wirkola!

Som filmmeldar og filmskapar sjølv så ser ein alltid etter feil. Men det kan seiast, her er det ikkje mykje feil. Dette kjem nok til å bli ein juleyndling hos mange, for jaggu meg som det sit…

Terningkast 5

- Annonse -
Forrige artikkelPrisrekord: To bustadar i Sagvåg har gått for over seks millionar i haust
Neste artikkelDu skal lete lenge i Norges storbyer for å spise en så god lunsj som den vi fikk på Urt & Ugras