Regissør Severin Eskeland under filminnspeling av filmen "Number 7" i Hystadmarkjo sommaren 2021. Foto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

Filmskaparen frå Stord er skal delta på ein av dei gjevaste skrekkfilmfestivalane i verda, Screamfest i Hollywood. Han vonar det vil vera med å opna dører i USA.

– For oss som set skrekkfilmsjangeren høgast, så er dette sjølve Oscar-utdelinga, fortel Severin Eskeland frå Stord.

Han fekk nyleg beskjeden han nesten ikkje hadde turt å håpa på. Filmen «Number 7», er blitt plukka ut til festivalen Screamfest i Hollywood, som er den største skrekkfilmfestivalen i USA.

– Då eg fekk meldinga såg eg kven avsendaren var, og då tenkte eg at det blei eit nytt avslag. Eg tenkte at eg får berre lesa det og ta det som ein mann. Men då las eg at dei ville ha filmen. Då forsvann rett og slett alle smertene. Eg spratt opp av senga og ringte rundt til alle. No har me faen meg klart det!

– Kjem til å leva i gladrus

Beskjeden kom som ein svært etterlengta gladmelding for 45-åringen frå Stord. Han har nemleg vore gjennom ein tøff ryggoperasjon, som det har teke lang tid å koma seg etter.

No kryssar han fingrane for at han vil klara å gjennomføra turen til Los Angeles i oktober.

- Annonse -

– Eg håper eg blir betre i ryggen til då. Eg trur nok at eg kjem til å leva i ein gladrus når eg er der, så forhåpentlegvis gløymer eg at eg har vondt.

Severin Eskeland var på «Screamfest» sist i 2009. Sidan då har festivalen vekse seg til å bli mykje større. Foto: privat

Spelt inn på Stord

Kortfilmen «Number 7» blei spelt inn i fjor sommar i Hystadmarkjo på Stord, og har både Stord-ordførar Gaute Epland og stortingspolitikar Liv Kari Eskeland i rollene. Stord24 var med på filmsettet, noko du kan lesa om her.

Filmane til Eskeland har blitt plukka ut til ei rekkje skrekkfilmfestivalar rundt om i verda. Han forklarar kvifor akkurat denne festivalen er ekstra spesiell.

Mange har sett den ikoniske Grauman’s Chinese Theatre i Hollywood i ei rekkje filmar. Her skal filmfestivalen Screamfest føregå. Foto: Wikimedia Commons

– Kjem du inn på denne festivalen så er du på ein måte godkjent. Eg tenkjer alltid kvar gong eg lagar film at no må me få sleppa inn. Til og med på settet så sa eg nøkkelpersonar at dette må me koma inn med på Screamfest. Viss ikkje eg greier å få inn denne, så gir eg opp, eg gidd ikkje senda meir til dei, tenkte eg.

Festivalen går føre seg i ein av verdas mest kjende kinobygg, Grauman’s Chinese Theatre, som ligg midt i Hollywood. Rett utanfor ligg gata der alle dei store filmstjernene har støypt av handa si i sement.

Draumar om å jobba i Los Angeles

Men det er faktisk ikkje første gong Eskeland deltek på festivalen. Han var også med i 2009 med filmen «Snarveien». Det er likevel noko heilt anna å vera med i år, seier han.

– Dei siste fem åra har festivalen blåst seg opp ti å bli veldig stor. Skrekkfilm har jo vekse seg til å bli ein stor sjanger. Det er vanskeleg å forstå kor stort dette er.

Severin legg ikkje skjul på at han håper festivaldeltakinga kan føra til at det blir opna dører for han i den amerikanske filmhovudstaden.

– No snakkar eg allereie med folk i Hollywood om å laga forskjellige ting. Eg har fått ein manager der borte som jobbar som produsent. Då hjelper dette sjølvsagt på. Det blir enklare når han skal representera meg for selskap og slikt. Det er det beste som kunne skjedd.

Stordabuen ønskjer å nytta høve til å gi ein stor takk til alle på Stord som har jobba frivillig for å bidra til å få filmane hans realisert.

– Eg er evig takksam for alle som har vore med meg. Utan staben min hadde det ikkje vore noko film. Dei fortener stor honnør.

- Annonse -
Forrige artikkelBremnes Seashore i vekst til tross for lavere omsetning
Neste artikkelKrev strakstiltak frå eiga regjering: – Mange bedrifter, også på Stord, slit med straumrekninga
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no