Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det heile viste seg å vere ei misforståing. 

Onsdag ettermiddag fekk politiet melding frå nokon som observerte at ein mann hadde retta ein pistol mot ein annan mann i ein bustad i Sæ, utanfor Leirvik sentrum.

Det blei slått full alarm og politiet rykte ut med fleire væpna patruljer.

Det heile viste seg å vere ei misforståing. Det var nemleg ikkje snakk om ein ekte pistol, men ein leikepistol.

– Me fekk kontakt med personen og fekk han ut av leilegheita. Me fann då ut at det var snakk om ein leikepistol og at det ikkje var noko reell fare, fortel operasjonsleiar Helene Strand.

– Var mannen som vart truga klar over at det var ein leikepistol?

- Annonse -
- Annonse -

– Det veit me faktisk ikkje. Har berre kome inn i leilegheita og peikt mot denne personen. Og så gått inn i si eiga leilegheit. Det er ukjent kvifor. Men det kan sjå ut som det var heilt tilfeldig.

Politiet understreker at det var snakk om ein udramatisk politiaksjon.

- Annonse -

– Det heile skjedde heilt utan dramatikk. Politiet har no avhøyrt den mistenkte mannen.

Mannen som er mistenkt er i 30-åra og er ein kjenning av politiet. Han blei dimmitert etter at avhøyret og ransakinga av bustaden hans.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -