Sunnhordland tingrett og Hardanger tingrett ligg an til å bli slegne saman. Foto: Domstolsadministrasjonen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det kan sjå ut som Hardangerrådet og Samarbeidsrådet for Sunnhordland vil lukkast med å behalde dei to domstolane.

Det har i løpet av den siste tida vore frykt for at Sunnhordland tingrett skulle kome til å bli lagt ned, eller eventuelt bli lagt under tingretten i Haugesund.

Bakgrunnen er at sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon til sommaren. Domstolsadministrasjonen har føringar på å sjå på strukturendringar kvar gong det blir slike naturlege avgangar.

Hovudadministrasjon på Stord

Men no ser det lysare for ut for tingretten si framtid på Stord. Det skriv Samarbeidsrådet for Sunnhordland etter at dei har hatt felles drøftingar med Domstolsadministrasjonen saman med Hardangerrådet.

– Ut i frå drøftingar i dette møte kan det sjå ut som det kan bli ei samanslåing av Hardanger tingrett på Lofthus og Sunnhordland tingrett.

Rådet skriv at ei slik samanslåing vil gi hovudadministrasjon på Stord, med lokalkontor i Lofthus i Hardanger.

- Annonse -
- Annonse -

– Både Domstoladministrasjonen og Domstolskommisjonen seier at dei vil lytte til lokale initiativ, og dette kan vera ei god løysing.

Odda-ordførar Jon Larsgard seier til Hardanger Folkeblad at dei har fått signalar om at Hardanger tingrett ikkje kjem til å gå ned i bemanning som følgje av samanslåing med tingretten på Stord.

– Det dei ser for seg er ei samanslåing med tingretten i Sunnhordland. Der det er same eining, men at ein beheld dagens struktur og bemanning i Lofthus. Med unntak av at sjefen der vil ha tittelen dommarfullmektig i staden for sorenskrivar, seier Larsgard.

- Annonse -

– Ei framtidig løysing

Sorenskrivar Knut Gramstad på Stord er også positiv til ei slik løysing.

– I Sunnhordland ser sorenskrivaren dette som ei framtidig løysing, og er i dialog med dei tilsette om dette alternativet. Hardangerrådet har fått lokale advokatar i tingretten til å samla seg om ein uttale.

Direktør for kommunikasjon i Domstolsadministrasjonen, Iwar Arnstad, seier til Stord24 at den framtidige domstolsstrukturen skal avgjerast til hausten.

– Det er ein domstolskommisjon som no ser på strukturen for domstolane. Dei skal i haust legge fram forslag om strukturen.

Hardangerrådet skal gjera vedtak om denne løysinga i byrjinga av februar, og dersom
Samarbeidsrådet også gjer eit positivt vedtak, er det lagt opp til at det vert laga eit felles dokument med argumentasjon for denne løysinga.

Det skal og utarbeidast ein enkel strategi for korleis ein tek saka vidare fram mot politisk vedtak i Stortinget.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -