Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd er bekymra over forslaga til rutekutt på ferjesambandet mot Tysnes. Foto: Stord næringsåd/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

DEBATT: Dei føreslåtte kutta i ferjeavgangane mot Tysnes øydelegg mobiliteten i Sunnhordlandsregionen, og skapar store problem for vår felles bu- og arbeidsmarknad.

Av: Anne-Grete Sandtorv,
Dagleg leiar, Stord næringsråd

Stord Næringsråd (SNR)er ein frittståande interesseorganisasjon med 149 medlemmer. Me arbeider for næringslivet sine vilkår for å fremme handel, service, handverk, industri og reiseliv. SNR arbeider òg for andre aktuelle samfunnsoppgåver som er viktig for sysselsettinga på Stord, og som er med å sikra at næringslivet til ei kvar tid har best mogleg rammevilkår. Stord er regionsenter i Sunnhordland, og SNR skal styrkja Stord sin identitet som by og som handels- og regionsenter.

Det er stor innpendling til Regionsenteret i Sunnhordland, og kvar dag reiser folk frå Tysnes for å arbeida og gå på skule på Stord. Me gler oss over at det igjen er nærast full sysselsetting i Sunnhordlandsregionen, og me gler oss over omstillingsevna til industrien for å tilpassa seg nye tider, tøffare konkurranse og nye marknader. Me er stolt over drivkrafta i næringslivet for å ta oss inn i det grøna skiftet, noko som mellom anna har resultert i nye ferjekontrakter med elektrifiserte ferjer. Dette er svært positivt!

Det som ikkje er positivt er forslaget til nye ferjeruter frå 2020 for ferjesambanda til og frå Tysnes! Her er det tatt vekk 52 ferjeavgangar i veka!

Dette øydelegg mobiliteten i Sunnhordlandsregionen, og skapar store problem for det som skal vera vår felles bu- og arbeidsmarknad. Me ser med stor bekymring på ei samferdsleutvikling som går i feil retning for eit nærings- og arbeidsliv, som kvar dag jobbar for større mobilitet og styrka konkurransekraft.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Også for elevar i vidaregåande skule, og studentar til Høgskulen på Vestlandet vert dette ei stor utfordring.

Stord Næringsråd ber om at det vert funne løysingar på dei tekniske og praktiske utfordringar slik ordførarane i Tysnes og Stord kommunar ber om i sine innspel.

Dette innlegget er også sendt som brev til Skyss.

- Annonse -