Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H) synest det er svært gledeleg at Stord kommune får løyva pengar til gratis SFO. Foto: Cecilie V. Jensen
- Annonse -

DEBATT: Senterpartiet trukke ut 7 milliardar frå prosjektet, eit grep som gjer at ein ikkje kan sette prosjektet i gong.

Av: Liv Kari Eskeland,
Stortingsrepresentant, Høgre

Hordfast, som del av ferjefri forbindelse langs kysten vår, har to formål; styrke næringslivet og sikre arbeidsplassar, og få folk og varer trygt fram. Dette er eit prosjekt som næringslivet langs kysten har jobba for i 30 år, og følger som ei naturleg forlenging av Rogfast som no er igongsett, og Svegatjønn-Rådal som snart er ferdigstilt. Prosjektet har fulgt alle demokratiske prosessar og samfunnsøkonomiske analysar og midtre trase er peika ut som det beste.

I høve komitehandsaminga kom eit merkeleg presseutspel frå Senterpartiet. Dei vil bygge den eine brua til Hordfast, deretter skal dei vurdere og revurdere vidare trase. Det er eit framlegg som i realiteten sender prosjektet rett i skrivebordsskuffa, og som framstår som så lite gjennomtenkt at eg nektar å tru at komiteens medlemmer har sett seg inn i geografien og problemstillingane dei då dreg opp.

I tillegg har Senterpartiet trukke ut 7 mrd frå prosjektet, eit grep som gjer at ein ikkje kan sette prosjektet i gong. Vi har registrert at det heile vegen har vore dragkampar i Senterpartiet kring Hordfast, men mykje av denne debatten har vore knytt til E16 og frykt for at Hordfast skulle fortrenge ein tryggare veg til Voss.

Nasjonal transportplan lagt fram av regjeringa, rydda denne usikkerheita av vegen – begge prosjekta er lagt inn i planen. Og med dette på plass, burde det vera tid for Senterpartiet å «belite seg». Men nei. Dette vitnar om at dei som sit på Stortinget frå Senterpartiet har manglande forståelse for distrikta sine behov.

- Annonse -

Er det ein ting næringslivet har vore tydlege på dei siste åra, er det nettopp Hordfast og rask og trygg veg langs kysten vår.

Ein kan undrast over om det er oppspel til komande forhandlingar med SV, eller om det rett og slett ønske om å bruke pengane andre stader i landet som ligg bak. Og eg fryktar begge deler.

For dette er sikkert; ein omkamp på Hordfast no, med vurdering av nye trasear, og sterk underfinansiering som ein her legg opp til,  er å skyte ei kvit pil etter eit prosjekt som i tiår har stått øvst på næringslivet si ønskeliste. Og den beste måten å sikre at vestlandet på ny må stille sist i køen for rask og trygg veg for våre innbyggjarar langs vestlandskysten.

Dette kan ikkje sjåast på som noko anna enn at Senterpartiet sviktar vestlandet, og at dei med dette set grunnlaget for arbeidsplassar og busetting langs vestlandskysten i spel. Det hjelper ikkje med fine festtalar når ein riv teppe unna grunnlaget for at det skal bu folk i heile landet.