Tunnelbrannen oppsto i denne varebilen. Foto: Stord brann og redning
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Utfallet av slutninga kunne hatt svært negative konsekvensar dersom det fortsatt hadde opphelde seg personar nede i tunnelen, skriv brannvesenet i evalueringa.

I oktober fekk brannvesenet melding om bilbrann i ein varebil ca. ein kilometer ned i Bømlafjordtunnelen på Stord-sida.

Det som gjorde bilbrannen ekstra dramatisk var at inne i lasterommet på varebilen sto ei palle med 280 liter smøreolje. Noko som førte til ei valdsam røyk- og varmeutvikling.

Stord brann og redning har no laga ein evalueringsrapport saman med dei andre naudetatane som var involvert i brannen. Her kjem det fram at bilbrannen fort kunne fått svært dramatiske konsekvensar.

Letta sløkkingsarbeidet

Grunnen til dette er at innsatsleiaren i brannvesenet bestemte å oppretthalde retninga på ventilasjonen i tunnelen, mot Sveio-sida.

– Grunnen til dette er at røyken allereie har kome langt ned i tunnelen, men med ein fart som tilseier at eventuelle personar nede i tunnelen har tilstrekkeleg med tid til å snu og køyre ut på Sveio sida. Samstundes lettar dette sløkkjingsarbeidet frå Stord sida då me på dette tidspunkt og er usikre på innsatstida frå Sveio-sida, skriv brannvesenet i rapporten.

- Annonse -
- Annonse -

Men problemet var at det var svært dårleg kommunikasjon mellom dei som utførte sløkkingsarbeidet og 110-sentralen.

– Kunne hatt svært negative konsekvensar

Brannvesenet som sløkte brannen hadde ikkje noko informasjon om det var personar i tunnelen.

– Det er på dette tidspunkt uavklart om det oppheld seg nokon frå sivilbefolkninga nede i tunnelen eller ikkje, men hastigheten på ventilasjonen tilseier at eventuelle personar skal ha hatt tid til å lese informasjon på skilt samt snu og køyre ut av tunellen på Sveio-sida.

– Utfallet av slutninga kunne hatt svært negative konsekvensar dersom det fortsatt hadde opphelde seg personar nede i tunnelen. Grunnen til dette er at ventilasjonsretninga førte til at store mengder røyk vart transportert igjennom tunnelen og ut på Sveio-sida.

- Annonse -

På Sveio-sida skal eigentleg tunnelen bli fysisk stengt ved slike hendingar, ved at det går ned ein bom. Men dette skjedde ikkje denne dagen. Likevel konstaterte Haugaland brann og redning at bilistane har evakuert på eige initiativ og stoppa ved raudt stoppsignal.

Brannvesenet nær å køyre seg fast i røyken

Det kjem fram at Haugaland brann og redning sendte røykdykkarar ned i tunnelen for å leite etter personar. Dei gjennomsøkte nesten fem kilometer av tunnelen før dei nesten køyrde seg fast i brannrøyken.

Men denne informasjonen vart ikkje formidla til brannvesenet på Stord, som sto for sløkkingsarbeidet.

– Me meinar at ein meir effektiv koordinering kunne ha redusert usikkerheita med tanke på moglege personar i tunnelen.

– Betre alternativ å snu røyken

I evalueringa kjem det fram at einingane er samde om at ei betre løysing ville vore å sende røyken ut mot Stord-sida.

– Eit betre alternativ hadde vore at Stord brann og redning hadde klarert området inn til den brennande bilen, bedt om at ventilasjonen vert snudd mot Stord-sida og trekt seg
ut av tunnelen. Haugaland brann og redning kunne då ha klarert frå den andre sida og sløkt brannen.

Brannvesenet skriv at det å stoppe ventilasjonen til tunnelen er klarert kunne ha vore eit godt fungerande alternativ.

– Dette er noko me vil jobbe vidare med for å få ei betre forståing.

- Annonse -