Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Tunnelen vart stengt for trafikk i ein kortare periode.

Klokka 15.41 fekk naudetatane melding om at det hadde oppstått røykutvikling frå ein semitrailer med farleg gods.

Traileren var då halvannan kilometer inn i Bømlafjordtunnelen frå Sveio-sida.

– Det blei relativt avklart at det er vassdamp som var årsaka til røyken, men brannmannskap køyrer fram for kontroll, opplyser 110-sentralen på Twitter.

Tunnelen vart stengt for trafikk i om lag ein halvtime. Vegtrafikksentralen melder rett over klokka 16 at tunnelen er open med redusert hastigheit.