Ellen Strandenes er rektor ved Stord vidaregåande skule. Foto: Vestland fylkeskommune
- Annonse -

To lærarar og ein elev ved Stord vidaregåande har no fått påvist koronaviruset.

Fredag kom meldinga om at ein elev ved idrettslinja på Stord vidaregåande skule er blitt smitta av Covid-19.

Laurdag blei det klart at ein lærar ved skulen også var blitt smitta. Og på søndag tikka det inn endå ei melding om at ein lærer har blitt smitta.

Leiinga ved Stord vidaregåande opplyser søndag kveld at 39 elevar, fem lærarar og ein leiar er blitt sendt i karantene som følgje av smitteutbrotet.

Ein tek likevel sikte på normal skuledrift frå måndag.

– Kommunelegen og legen ved koronasenteret seier sundag kveld at det ikkje er grunnlag for å halde friske elevar heime frå skulen, difor vert det planlagt for vanleg skuledrift denne veka, skriv skulen i ei melding.

- Annonse -