Det gamle tregjerdet, som vist på dette biletet, vart fjerne av kommunen då det ikkje var trafikksikkert nok. Men noko nytt gjerde vil ikkje Vegvesenet setje opp. Foto: Google maps
- Annonse -

Sagvåg Forum har lenge jobba for å få tilbake gjerdet som tidlegare var plassert ved parkanlegget ved Storavatnet på Litlabø, men får tommelen ned frå Vegvesenet.

– På vegner av Sagvåg Forum så ønskjer eg å formidle eit sterkt ønskje om at parkanlegget ved Stordavatnet på Litlabø vert sett opp eit autovern, skreiv leiar i Sagvåg forum, Guro Betten i ein epost til Statens Vegvesen i oktober.

Bakgrunnen er at det tidlegare sto eit gjerde langs grøntanlegget på Litlabø, som ofte vert brukt av skuleungar som friluftsområde. Paradoksalt nok vart dette gjerdet fjerna av kommunen fordi det ikkje var trafikksikkert nok.

– Stord kommune seier at gjerdet vart fjerna då det ikkje var godt nok som sikring mot trafikken. Det er av tryggingsgrunner viktig at det kjem opp ein form for sikring mot trafikken.

Men Statens Vegvesen meiner det ikkje er naudsynt med noko inngjering av området, der det kvar sommar vert samla hundrevis av folk til den årlege friluftsfestivalen.

– Arealet ligg ikkje det inne som aktuelt trafikksikringstiltak. På denne staden er
det, etter Statens vegvesen sine gjeldande reglar og handbøker, ikkje naudsynt med ekstra sikring, skriv Dag Foseid i Statens Vegvesen i eit svar.

- Annonse -

Vegvesenet meiner det difor er Stord kommune si oppgåve å setje opp eit nytt gjerde.

– Om det her er trong for eit nytt gjerde, vil det vera naturleg at grunneigar, Stord kommune, vurderer trongen for det.

- Annonse -