Kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Tostensen i Kolumbus kom til Stord onsdag for å informere Gaute Epland (Ap) og resten av formannskapet om busskonseptet. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Innbyggjarane i Sauda kan ringe etter bussen og bli henta nett kva tid dei vil. No vil Gaute Epland (Ap) sjå på moglegheita for å innføre «hent-meg-bussar» på Stord.

Det var nesten ikkje passasjerar om bord på bussane i Sauda. Kollektivselskapet i Rogaland, Kolumbus, fann ut at noko måtte gjerast.

Løysinga blei innføring av bestillingstenesta HentMeg, som fungerer slik at ein minibuss hentar passasjerane der dei er. Pasasjerane kan bestille turar på nett eller telefon, der dei oppgir kor dei vil bli henta og kor dei skal.

– Kan kanskje forbetre tilbodet hos oss

Det nyskapande har fått fått mykje merksemd. Ordførar Gaute Epland (Ap) synest det verkar såpass spennande at han i går inviterte ein representant frå Kolumbus til Stord.

– Folk har vore tydelege på at kollektivtilbodet me har i dag ikkje er bra nok. Då me fekk nyss om dette prosjektet i Sauda, så syntes me det var såpass interessant og kan kanskje vere noko som kan forbetre tilbodet hos oss her på Stord, seier Epland.

– Me har mange bussrutar på Stord, men samtidig er det veldig mange innbyggjarar som melder tilbake at dei ikkje får tilfredsstilt behova sine, og at kollektivtilbodet ikkje er bra nok.

- Annonse -
- Annonse -

Samtidig peikar han på det er mange bussar som går tilnærma tomme.

– Me ser at det er ganske mange bussar som går nærmast tomme mange tidspunkt på dagen. Då kan ein spørje seg om dette er den beste bruken av fellesskapet sine ressursar.

Vil diktutere saka med Skyss

Epland peiker på høgskulen og Sagvåg/Litlabø-området som stadar der eit slik hent-meg-konsept kunne vore interessant.

– Eg tenkjer at for Stord sin del kunne ein kombinasjon av rutebusser og «hent-meg-bussar», vere bra. Me har ein del skuleruter og arbeidsruter der bussane stort sett er fulle, men tilbodet utover det kan eit konsept som dette vere interessant for oss.

– Har du diskutert dette med Skyss?

- Annonse -

– Ikkje enno. Men viss det er sånn at formannspapet no finn dette interessant, så må me ta det opp med Skyss. Eg vil tru at Skyss er oppteken av at me får eit så godt kollektivtilbod som mogleg innanfor dei pengane dei puttar inn i det.

Foto: Kolumbus

Nøgde passasjerar

Kommunikasjonsrådgjevar i Kolumbus, Elisabeth Tostensen, fortel at prosjetket i Sauda har vore ein stor suksess etter at det var innført i fjor sommar.

– Det var ein ganske massiv motstand mot prosjektet då me starta opp, for folk oppfatta at me skulle ta vekk eit tilbod. Me skulle trass alt leggje ned tre bussrutar. Men når befolkinga fekk testa ut dette var tilbakemeldinga at dette er jo heilt fantastisk. Her får dei reise frå dør til dør og dette fungerer.

Ho fortel at kollektivselskapet ikkje har hatt noko ekstra kostnadar knytt til den nye ordninga.

– Me ville ha ei meir fleksibel ordning, og gi meir valmoglegheiter for dei som reisar, og at at fleire skulle reise samtidig. Då me begynte å rekne på dette såg me at det blei kostnadsnøytralt, og at me etter kvart vil kome til å spare pengar. Men utgangspunktet var ikkje å spare pengar, men å gi innbyggjarane eit betre tilbod.

– Kva seier taxinæringa i Sauda?

– Me har hatt dialog med dei heile vegen. Som ein offentleg aktør er me veldig oppteken av at me ikkje skal ta livsgrunnlaget frå nokon. Me meiner me ikkje har gjort det, då tilbodet er lagt inn i periodar på dagen der rutene elles ville ha gått.

Epland er førebudd på motstand frå taxinæringa på Stord.

– Nei, eg tippar dei vil sjå på det med ein viss skepsis. Men me må eventuelt legge det opp slik det er gjort i Sauda, at det ikkje nødvendigvis vil bli ein konkurranse men eit supplerande tilbod.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -