Yashar Qawas startar Mona Lisa restaurant i Sagvåg. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Yashar Qawas er namnet på den nye restauranteigaren som flytter inn i lokala etter Sagvåg pub & kafé AS, etter at sistnemnde gjekk konkurs i november i fjor.

– Eg skal drive restaurant og pub, med servering av mat og drikke. Men før eg kan opne, må søknaden om skjenkeløyve verte handsama av Stord kommune. Eg ventar på svar no. Alt er i orden med lokale. Og restauranten skal heite Mona Lisa, seier dagleg leiar for den nye restauranten i Sagvåg, Yashar Qawas.

Det har vore ei lang reise før han slo seg ned i Sagvåg for å drive pub og restaurant med ein italiensk profil, der mellom anna kebab og pizza står på menyen. Yashar er kurdar og kjem frå Syria.

– Eg kom her for å drive, seier han.

Før Yashar flytta til Sagvåg for litt over ein månad sidan, budde han til å starte med i øykommunen Vega i Nordland, og arbeidde i restaurantbransjen i den nærliggjande fastlandskommunen Sømna.

– Eg flytta til Sagvåg for 40 dagar sidan, Eg har lese at Sagvåg er ein fin plass. Deretter fekk eg lyst til å flytte her og starta opp, fortel han.

Opning til sumaren

- Annonse -

Utleigar Lars Åge Myhre seier at lokala er godkjente.

– Han må berre gjennom dei vanlege søknadsporsessane for skjenkeløyve i kommunen og godkjenning med Mattilsynet. Det er ein føresetnad at han får desse på plass, noko eg reknar med han kjem til å gjere. Han har jo bakgrunn frå serveringsbransjen, seier Myhre.

Myhre seier det er sannsynleg at den nye ete- og utestaden kjem til å opne i første halvdel av juni.

– Så lenge ingenting skjer seg og det stoppar opp søknadsporsessen, ser det ut til at alt går sin gang, slik eg bedømmer det i alle fall. Eg er positiv til at nokon vil prøva, og eg vonar dei får det til og får nok kundar til å drive dette her. Er dei flinke nok på mat og service, burde det vere mogleg, seier Myhre.

Ynskjer variert utval matservering

I nabobygget, litt lenger fram i gata mot Kiwi, står lokala etter kinarestauranten Voxy ledige. Dei som dreiv restauranten stakk av til Hong Kong i fjor, utan å rydde opp etter seg.

– Lokala er opne for nye aktørar, og dei står no tomme. Det har vore interessentar der, men me har ikkje greidd å få tak i fast fisk enno. Det er klart at alle ønskjer at det er aktivitet i bygningane og eit variert utval etetilbod i lokala. Gruo har jo slutta med matservering. For augneblinken er bensinstasjonen, og Oase thai takeaway i Sagvågsbrekko dei einaste som driv med matservering per i dag, seier Myhre, som ynskjer eit rikare tilbod på serveringsstader i Sagvåg.

- Annonse -