Bjørn Færø fekk førarhunden Rocco i september i fjor. No føler han seg friare og tryggare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lanserer «førarhund-reglane»: Bjørn Færø frå Os er fersk førarhundbrukar, men har allereie merka enkelte utfordringar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden

I førre veke fortalte NRK at kvar femte førarhundbrukar har opplevd at førarhunden deira har blitt angripen av andre hundar, og at dei fungerer på ein annan måte etter dette.

Men òg uskyldig kos kan få ein førarhund ut av fokus.

– Det kan vera naturleg for oss menneske å søkja blikk-kontakt med ein hund vi møter, eller å gi ros eller få lyst til å klappa ein hund som ser snill og flink ut, seier Britt Nonås, styreleiar i Førerhundklubben i Hordaland, avdeling av Norges Blindeforbund.

– Men dei fleste vil nok seia at det er unaturleg å gi ein klem til ein bussjåfør, mens han køyrer, fordi han er flink til å køyra buss.

- Annonse -
- Annonse -

Tysdag markerte Norges Blindeforbund «førarhundens dag». Samtidig lanserer dei Førarhundreglane. Les reglane nedst i artikkelen.

Det er inga markering i Os, men Midtsiden har fått ein prat med ein rimeleg fersk førarhundeigar som bur i Os; Bjørn Færø.

– Oppfør deg som om hunden ikkje er der

– Berre forhold deg til meg, lat som om hunden ikkje er der, seier Bjørn til Midtsiden når vi møter han saman med hunden Rocco.

Bjørn fekk svekka syn i vaksen alder. I 1998 var det slutt på å køyra bil og motorsykkel, og han blei etterkvart ein ivrig deltakar på blindeforbundet sine kurs.

– Det var folk på desse kursa som oppmoda meg om å søkja om å få førahund. Eg har framleis syn nok til blant anna å lesa tekstmeldingar, men synet er snevert, det er som å sjå gjennom to sugerør. Det gjer at eg òg har vanskar med å orientera meg. Det har hendt at eg har gått meg vill på plassar eg er kjent, og eg har hatt mine uhell. Etterkvart søkte eg, og søknaden blei heldigvis innvilga.

Bjørn har hatt hund store delar av livet. Han ville ha puddel, då dei skal vera meir intelligente enn andre, og i september fekk han ein storpuddel, førahunden Rocco. Etter tre veker på samhandlingskurs, og eksamen i travle gater i Oslo, var han godkjent førarhundbrukar.

– Eg oppdaga tilfeldigvis, då eg sjekka stamtavla, at Rocco er avla av Kjell Ole Sperreviki Os, seier Bjørn.

Sjølv er han frå Bergen, men har tidlegare budd åtte år i Strøno og flytta tilbake til Os for tre år sidan.

Stor forskjell på om hunden går med sele eller band

Færø liker å gå tur, og kan no gå i kjent, men krokete terreng frå Kronstad til Svartediket, i Isdalen og i Byfjella. I tillegg til turar i si nye heimbygd, Os.

– Rocco hjelper meg å unngå hindringar, anten det er ei grein som heng over stien eller fare for at eg snblar i ein stokk. Han hjelper meg naturlegvis òg i trafikken, og fører meg fint gjennom gode trasear i tette folkemengder.

- Annonse -

– Eg har både kone og andre som kunne gå tur med meg før, eg har ikkje sete stille alle desse 20 åra. Men eg har no fått ein friare og tryggare kvardag. Rocco er med meg overalt, det er som å ha han i baklomma.

– Etter å ha brukt førarhund i 6-7 månadar, har du oppdaga noko publikum kan bli flinkare til?

– Dei fleste er heldigvis omsynsfulle. Dei ser selen og spør om dei kan klappa hunden. Så lenge selen er på må eg dessverre seia nei. Ein førarhund er svært fokusert når selen er på, og er ganske utmatta etter at den har vore på oppdrag. Men den kan bli distrahert av blikkontakt, kos og klapping. Når selen er på skal den helst berre ha kontakt med meg, og det er berre eg som skal gi den godsaker eller anna belønning, seier Færø.

– Hugs at førarhunden, trass god trening, er eit dyr, ikkje ei maskin. Hundar er i utgangspunktet veldig sosiale og glade i menneske. Blikkontakt og kos kan få førarhunden ut av fokus, legg Nonås til.

– Så det er ingen snusing, småskvetting eller liknane mens de går tur?

– Nei. I så fall er det eit sjeldant uhell eller stor trang etter ein litt lang tur. Men det er stor forskjell på å ha den i band og sele. Eg tar alltid ein liten tur med vanleg band først, så hunden får gjort frå seg før den skal på oppdrag.

– Kva med andre hundar?

– Heldigvis er dei fleste hundeeigarar merksame, og spør mens dei er på avstand. Så lenge førarhunden er i sele skal den ikkje helsa på andre hundar. Om andre hundeeigarar held avstand når dei ser førarhund på jobb, er det til stor hjelp.

Har blitt nekta inngang

Ein person med førahund skal kunna gå alle stadar der andre går, hunden tel ikkje som hund, men som eit verktøy for synshemma. Likevel har Bjørn opplevd å bli nekta inngang både på serveringsstadar og i butikkar.

– Eg har eit kort i lomma, og kunne kome med krav om å få koma inn, men eg har aldri laga eit nummer av det der og då. Eg har berre gått.

– Men eg let ikkje slike ting gå hus forbi, eg har sendt epost til dei som har nekta meg, og då har dei lagt seg flate og bedt om orsak.

Førarhundar får jamleg trening. Førstkomande laurdag er det samling og kurs i Os, då kan 10-15 førarhundar bli å sjå i Os sentrum og sentrumsnære turområde.

Ønskjer du å veta korleis du skal forholda deg til ein førarhund på jobb? Under følgjer førarhundreglane – frå hunden sjølv.

Førarhundvettreglane

1. Eg jobbar når selen er på. Ikkje klapp, snakk eller ta augekontakt med meg.
2. Hald hunden din på avstand, så vi ikkje møtast for tett.
3. Gi deg gjerne til kjenne, og fortel eigaren min at du har med deg hund.
4. Om eg går utan sele, spør likevel eigaren min om det er greit, før du slepp din hund bort til meg.
5. Ikkje gi meg godbetar – det er bere eigaren min som har lov til det.
6. Om du vil gjera merksam på ei fare, sei ifrå til eigaren min.
7. Om eg går utan sele kan du spørja eigaren min om å få klappa meg.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -