Sanita Pavlovica skal stille ut i foajeen i Stord kulturhus. Foto: Roald Sundal
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kunstnaren Sanita Pavlovica (39) har budd på Stord i seks år, og er klar for utstilling med rustne motiv.

Neste helg opnar latviaren utstillinga i foajeen i Stord kulturhus, der ho vil stille ut foto med motiv frå Sicilia, Madeira, England – og Stord.

Kunstnaren har eit auge for rustne detaljar og gjer dei om til vakre kunstverk.

– Det er noko med måten me ser ting på. Me er nok veldig fastlåste i måten me observerer våre omgjevnader på. Alle ser det vakre i ein solnedgang, men eg synes det er meir spennande å dra på oppdagingsferd i eit landskap eg ikkje kjenner frå før, seier Sanita.

Ser det vakre

Ho har evna til å sjå det vakre der dei fleste av oss berre ser forfall og skrap. Men når Sanita veljer ut fragment av f.eks ei skipsside og isolerer det frå heilskapen, viser ho oss nye komposisjonar av former og fargar.

– Og i eit industrisamfunn som på Stord er det uendeleg mange vakre motiv, særleg på Eldøyane, seier 39-åringen.

– Einaste som likar rust

Då ho spurde om lov til å fotografera på eit skip som låg ved kai i Leirvik, svara kapteinen med eit hjartesukk:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Du er den einaste her om bord som likar rust!

Og fredag 4. mai opnar altså Sanita Pavlovica utstillinga i foajeen i Kulturhuset, der ho viser ti bilete frå si spennande oppdagingsferd med kameraet.

Utstillinga har fått namnet «Rust never sleeps».

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -