Foto: HVL
- Annonse -

Replikk: Me kan vi sjølvsagt bli endå flinkare til å nytta nynorsk i kommunikasjonen vår på Stord. 

Av: Mona Herleiksplass,
Fungerande regiondirektør for Stord/Haugesund, Studentsamskipnaden på Vestlandet

Leiar i Sumarøyo Målungdom, Erling Løklingholm Leivestad, stiller spørsmål om kvifor Studentsamskipnaden på Vestlandet ikkje nyttar nynorsk i alle sine avdelingar. Me sett pris på engasjementet Målungdomen visar og meiner dei gjer ein viktig jobb med å fremje nynorsken.

Stord er, som Leivestad seier, den største nynorskkommunen i landet. Dette er også grunnen til at vi har opna opp for å nytta nynorsk i alt av oppslag, skriv og digital kommunikasjon som går ut til studentane på Stord.

På Stord vel dei tilsette sjølve kva målform dei ønskjer å nytta når dei kommuniserer med studentane, og fleire nyttar nynorsk. Bruken av nynorsk har vore særleg framtredande i kommunikasjonen vår i sosiale media (Instagram/Snapchat), og det er i desse kanalane flest studentar tilknytta HVL på Stord seier at dei mottek informasjon om Sammen.

Når det gjeld logoen vår nyttar vi «Sammen» på Stord/ Haugesund, som er ei avgjersle gjort av styret vårt. Vi ser det som uproblematisk å kombinere dette med nynorsk målform i våre kommunikasjonskanalar.

- Annonse -

Likevel kan vi sjølvsagt bli endå flinkare til å nytta nynorsk i kommunikasjonen vår på Stord. Vi vil gå gjennom rutinar for å sjå på korleis vi kan auke mengda av informasjonen vi deler som blir tilgjengeleg på nynorsk, til dømes på våre nettsider.

Takk for engasjementet!

- Annonse -