- Annonse -

I eitt og eit halvt år har bebuarane i bustadkomplekset Leirvik Brygge forsøkt å få svar frå kommunen.

I august i fjor skreiv Stord24 om den sterke misnøgda bebuarane i leilegheitskomplekset Leirvik Brygge opplever med tanke på støy og forureining frå båtar i Leirvik sentrum.

Sameiget har i lang tid forsøkt å kome i dialog med kommunen om eventuelle tiltak, men skriv at dei ikkje har fått svar. Sameiget var i august oppgitt over at kommunen ikkje har svart på eit brev dei sendte hausten 2016, og meiner Stord kommune bryt forvaltningslova ved å ikkje tek tak i problemet.

Styreleiar i sameiget, Stein Erik Grov viser til at kommunalsjef Lovise Vestbøstad hadde eit møte saman med styret for eitt år sidan, men at det då ikkje var lagt opp til gjennomgang av utfordringane bebuarane opplever.

Tålmodet slutt

Stein Erik Grov er styreleiar i sameiget Leirvik Brygge. Foto: Grov Elektro

No, eit halvt år seinare, har sameiget framleis ikkje fått noko svar frå kommunen. Det har ført til at tålmodet er slutt, og varslar at neste steget blir å klage inn kommunen til Sivilombodsmannen.

– Sameiget har konsultert Sivilombodsmannen om Stord kommune si saksbehandling i høve til forvaltningslova. Dette er ei endeleg purring, skriv styreleiar Stein Erik Grov.

- Annonse -

Styreleiaren utdjupar frustrasjonen overfor Stord24.

– Dette er ikkje kjekt. Me prøvar å vere ryddige og ordentlege. Men me får ikkje svar. Det forventar me, for no går me vidare til Sivilombodsmannen dersom me ikkje får svar.

Årelang konflikt

Konflikten mellom bebuarane i Leirvik Brygge og hamnestellet har etter kvart vart i mange år.

– Det er ein historie bak dette som no er oppe i 12-13 år. Me har ikkje noko anna tanke bak enn at kommunen ikkje har gjort det dei lova då dette blei utbygd.

– Kva konkret ønskjer de at kommunen skal gjere med båttrafikken?

– Båtane i seg sjølv er me ikkje i mot. Det er eksos, støy og miljø som er problemet. Då har det blitt lovt landstraumanlegg til båtane med tilskot frå Enova. Det vil vere ein stor forbetring.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad opplyser til Stord24 at ho rett og slett har gløymt å svare sameiget, og seier ho vil ta tak i saka snarast råd.