To av bilane som var involvert i ulukka. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein bubil køyrde inn i to bilar ved det trafikkfarlege Litlabø-krysset på E39.

Alle naudetatane rykte ut etter at ein bubil køyrde inn i ein stasjonsvogn ved Litlabø-krysset ved E39.

– Det har vore ei trafikkulukke der tre bilar har var involvert med forskjellig skadeomfang. Totalt var det fem personar involvert i ulukka, men det er ingen alvorlege personskadar. Alle er sendt til sjukehuset i ambulanse for sjekk, seier innsatsleiar i Stord brann og redning, Jan Tore Bruckner.

Ulukkesstaden tyder på at bubilen har køyrt inn i dei tre bilane medan dei venta på avkøyring mot Litlabø.

Det er manuell dirigering på staden. Politiet dirigerer trafikken på E39 gjennom Leirvik sentrum.

– Det er ein liten oljelekkasje på staden, der politiet er i gang med arbeidet med å suge opp oljen, seier Bruckner.

- Annonse -
Det var full uttrykning ved Litlabø-krysset. Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -