Det var Johannes Eldøy (t.v.) som tok imot prisen på vegne av selskapet.
- Annonse -

Næringsprisen på Stord vart fredag kveld delt ut til Salt Ship Design.

Dei suksessfulle skipsdesignarane på Stord konkurrerte med Wärtsilä og Stord Hotell om årets næringspris, og trakk altså det lengste strået.

Utdelinga fant stad på årsfesten til Stord Næringsråd fredag kveld på Spinae Company. Det var Johannes Eldøy som tok imot prisen på vegner av selskapet.

Her er juryen si grunngjeving:

Salt Ship Design er ein aktør som på relativt kort tid har bygd seg opp til å verta ein leiande aktør innafor sitt fag.

Det er ei lokal forankra verksemd med høg kompetanse og evne til innovasjon.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Då oljekrisa traff marknaden, og etterspurnaden etter offshorefartøy stupte, var dei raske med å snu seg 360 grader mot nye marknader.

Dei siste åra har dei hanka inn store kontraktar og designa hybride og elektrifiserte fartøy både til fiskeriflåten, offshore vind og aquakultur, i tillegg til den tradisjonelle marknaden for offshorefartøy.

Fjorårets næringspris gjekk til W. Engelsen Eftf.