Salt Ship Design vann pris for designet av den innovative fiskebåten Libas.
- Annonse -

Skipsdesignarane på Stord er endeleg klare til å presentere resultatet av halvanna års arbeid.

– Salt Ship Design AS fekk allereie for eitt og eitt halvt år sidan oppdraget med å utvikle ein fiskebåt ulikt alt som er bygd før. Etter lang utvikling og modningstid er begge partar stolt over å presentere dei første skissene av nye Libas, skriv det Sotra-baserte reiarlaget Liegruppen ei pressemelding.

Fiskebåten er utrusta med nyskapande grøn skipsteknologi, og blir verdas første fiskebåt med gass- og batteridrift

Libas blir bygga med ein 350 LNG-tank som skal brukast som framdrift saman med ei stor batteripakke.

Nybygget blir 86 meter langt og 17,80 meter breitt, og skal byggast ved Cemre i Tyrkia. Skipet vert utrusta som snurper, og for både singel- og dobbeltrål.

– Det gjenstår ein del endelege avklaringar av utstyr, så fleire detaljer vil kome seinare, melder Liegruppen.

- Annonse -

Lars Olav Lie i Liegruppen uttalte til lokalavisa Vestnytt i fjor at kostnaden på båten fort kan hamne på rundt 300 millionar kroner.

We are proud to reveal the new Libas designed for the Lie family. Powered by LNG and batteries, the new purse seiner /trawler will be built at Cemre Shipyard in Turkey. Length 86,1 mBreadth 17,80 m

Posted by Salt Ship Design on 6. februar 2018

- Annonse -