Slik vil fisketrålarane sjå ut. Skisse: Salt Ship Design
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Atlantic Dawn Group i Irland har bestilt to fisketrålarar basert på design frå Salt Ship Design på Stord.

Skipsdesignarane på Stord vil levere ein komplett pakke med design og engineering for dei nye fiskefartøya.

–  Atlantic Dawn Group har jobba tett saman med Salt for å utvikle eit fartøy skreddersydd for kvotene deira og områda der fartøya vil operere, skriv Salt Ship Design i ei pressemelding.

– Dette har resultert i to veldig effektive og moderne fiskefartøy.

Trålarane vil bli bygd ved skipsverftet Cemre i Tyrkia.

– Svært viktig kontrakt

Salt Ship Design skriv at dette er ein viktig kontrakt for dei.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er ein svært viktig kontrakt for oss, som føyer seg inn i ein allereie fyldig ordrebok.

Selskapet har for tida heile 17 fartøy under konstruksjon ved norske eller utanlandske verft.

– I motsetnad til offshore-marknaden, gjer fiskerinæringa det svært bra, og desse segmenta representerer no ein viktig marknad for oss, skriv selskapet.

- Annonse -