Skisse: Salt Ship Design
- Annonse -

Alsaker Fjordbruk på Tysnes har kontrahert ein ny brønnbåt med design fra Salt Ship Design.

Fartøyet skal byggast av Astilleros de Murueta i Spania, og skal vil bli levert frå verftet i 2020.

Salt Ship Design skriv i ei pressemelding at partene har samarbeida over lengre tid for å utvikle eit brønnbåtdesign med utgangspunkt i skånsom fiskehandtering, i kombinasjon med sterkt fokus på hygiene, miljø og kvalitet.

– Fartøyet har flere nye og spennande designløysninger, og innebygd ein stor fleksibilitet i forhold til ulike typer behandlingsmetoder, skriv selskapet.

Det nye fartøyet vil vere over 90 meter langt, 18,6 meter breidt og vil ha ein brønnbåtkapasitet på meir enn 5000 kubikkmeter.

Dei skriv vidare at dette er ein svært viktig kontrakt for Salt Ship Design.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me skal i tillegg til designutvikling levere komplett engineeringspakke til verftet i Spania. Dette er difor ein veldig viktig kontrakt, som adderer seg til ein ordrebok på 15 fartøysdesign under bygging ved norske og utenlandske verft.

Stord-selskapet skriv at akvakultur blir ein stadig viktigare marknad for dei, og ser fram til fleire slike kontraktar i framtida.

– Innan akvakultur og fiskeri er marknaden for tida god, og vil vere svært viktige for Salt framover.

Alsaker Fjordbruk er eit av dei største privateigde aktørane innan produksjon av smolt og matfisk. Dei driv fleire smoltanlegg, eige slakteri og har eit stort tal matfiskkonsesjonar.