Arne Stenersen i Salt Ship Design, t.v., presenterte kontrakten saman med Eirik Lie, adm.dir. i Kongsberg Defence & Aerospace, i midten, og forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen. Foto: Kongsberg Gruppen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I dag blei planane om Norges nye marinefartøy, Vanguard, presentert.

Kongsberg Defence & Aerospace og Salt Ship Design hadde torsdag ei konseptlansering i Oslo for eit heilt nytt forsvarsfartøy.

Det er fartøyet Vanguard som blei lansert, som blir omtalt som ei nyvinning for maritime operasjonar. Og skipet er designa av skipsdesignarane i Salt Ship Design på Stord.

Kongsberg-gruppa skriv at Vanguard oppfyller behova for oppgåver som søk og redning, hamne- og objektskikring, overvaking av havbotn, hevding av suverenitet og ubåt- og minejakt.

Billig løysing for å erstatte Helge Ingstad

I følgje Teknisk Ukeblad er Vanguard rekna som ei billig løysing for å erstatte fregatten Helge Ingstad, som søkk utanfor Bergen i fjor. Å besitlle ein ny fregatt ville ha kosta forsvaret svimlande 11 milliardar kroner.

Skeipet er designa med ei multi-rolle-hangar for operasjonar i luft, havoverflata og under vatnet.

- Annonse -

– Vanguard representerer ei dramatisk endring i marineoperasjonar. Ved å kombinere erfaringa vår frå maritim, offshore og marine sektorar, meiner me at dette innovative systemet gir ein svært rimeleg løysing på behova til kystnasjonar, seier administrerande direktør i Kongsberg Defence & Aerospace, Erik Lie.

– Vanguaard-systemet kan oppsummerast med kapasitet, tilpassingsevne og lågkost.

– Veldig spennande kontrakt

Arne Stenersen i Salt Ship Design seier til Stord24 at dei har jobba saman med Kongsberg-gruppen i fleire år.

– Me har jobba saman meir enn to år i å greie ut kva behovet er i dette marknadssegmentet. Så har me laga eit konsept saman med Kongsberg. Det som ligg framføre oss no er å møte ulike kundar i heile verda og signere kontraktar på bygginga.

Det er første gong Salt Ship Design får kontrakt på eit fartøy i dette segmentet.

– Me synest dette er eit veldig spennande segment, der oppgåvene er veldig like fartøya som me har designa innan offshore og spesialfartøy, seier Stenersen.

Når det gjeld størrelsen på kontrakten isolert sett er den om lag det som er vanleg for Salt Ship Design.

– Sjølv om dette er eit heilt nytt segment, så er ein sånn kontrak lik andre kontraktar for oss. Det er ikkje noko grensesprengande sånn sett.

Fartøyet skal byggast ved lokale verft, og byggetid er sagt å vere to år.

Skisse: Kongsberg Gruppen
- Annonse -