NKT Victoria vart designa på Stord. No er det blitt årets skip. Foto: NKT
- Annonse -

Skipet NKT Victoria vart kåra til årets skip på Nor-Shipping-messa i dag.

Skipet vart designa av Salt Ship Design på Stord, og vert drive av reiarlaget NKT.

Det var Arbeids- og inkluderingsminister Jannicke  Hauglie som annonserte vinnaren og delte ut prisen på den internasjonale NorShipping-messa på Lillestrøm i dag. Kronprins Haakon var også tilstades under utdelinga.

– NKT Victoria er eit fartøy spekka med det ypperste av innovasjon og kapasitet, og kabelleggingsfartøyet representerer den beste kompetansen ein har innan norsk skipsbygging og -design, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Adm. dir i Salt Ship Design Arne Stenersen er svært nøgd med den gjeve prisen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ei ære

– Det er ei ære at NKT Victoria har blitt tildelt denne prisen, og våre skipsdesignerar har verkeleg sett pris på å vere del av det gode lagarbeidet som ligg bak dette flotte fartøyet sa Arne Stenersen, administrerande direktør i Salt Ship Design.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det å samarbeide tett med NKT, ein internasjonalt leiande aktør innan kabelindustrien, og dei førsteklasses skipsbyggarane i Kleven, har resultert i eit spesialfartøy med imponerande operasjonelle funksjonar. Dette gode samarbeidet har gitt eit svært godt resultat, sa Stenersen.

Kåra av ein jury

Ship of the Year er stifta av det nordiske shippingmagasinet Skipsrevyen. Lesarane nominerer kandidatar, men kåringa vert gjort av ein jury.  Juryen består av Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Lars Gørvell-Dahll, direktør, maritim sektor av Norsk Industri og Asle B. Strønen, redaktør av Skipsrevyen.

NKT Victoria er eit 140 meter langt skip som er laga for avanserte offshoreinstallasjonar. Det har ei innreiing for 100 personar.

- Annonse -