Administrerande direktør Arne Stenersen og styreleiar Egil Sandvik i Salt Ship Design. Foto: Stord24/Salt Ship Design
- Annonse -

Arne Stenersen og Egil Sandvik fra Salt Ship Design på Stord er blant dei nominerte til regionkåringa til Entrepreneur Of The Year

Rådgivnings- og revisjonsselskapet EY har i samband med kåringa av Entrepreneur Of The Year utarbeida ein oversikt over samtlege selskapar i Norge med meir enn 20 tilsette, over 20 millionar kroner i omsetnad, og ha oppnådd 20 prosent vekst dei siste to åra.

Salt Ship Design er blant ti kandidatar som er plukka ut av over 400 kvalifiserte bedriftar i regionen, og vil delta i regionkåringa i Bergen torsdag denne veka.

Dei 12 sterkaste kandidatane frå dei seks regionkåringane vil møtast i finalen i Oslo 28. november.

– Dette er det sekstande året på rad me kårar den aller beste vekstskaparen. Norge treng innovatørar som dette for å skape eit levedyktig og lønsamt arbeidsliv. Med EY Entrepreneur Of The Year ønskjer me å løfte fram desse kvadradgsheltane som ofte legg inn usedvanleg mykje arbeid for å skape usedvanlege resultat, seier Ina Rosenberg som er lokalt ansvarleg for kåringa.

- Annonse -

Selskapet skriv at talet på entrepenørar i Norge er aukande, men framleis ikkje tilbake på nivået før finanskrisa i 2007.

- Annonse -
- Annonse -

Hordaland har i år 322 vekstselskap. Det er berre Oslo og Akershus som har fleire. Rogaland hadde derimot berre 206 vekstselskap, noko som er ei halvering frå 2012.