Eit SeaKing-helikopter fann den sakna kvinna. Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Ein større leiteaksjon på Bømlo tysdag kveld gav resultat.

Politiet fekk melding i 19-tida tysdag kveld om at ei kvinne frå Bømlo vart sakna.

– Me fekk ei bekymringsmelding om ein person. Det har blitt jobba med den første meldinga sidan klokka 19, og så var det ting som kom fram undervegs som gjorde at det vart beslutta å iverksetje ein leiteaksjon, fortel operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen til Stord24.

Det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon i nordlege deler av Bømlo. Den besto av hundepatruljar, sivilforsvar og totalt 36 frivillige, mellom anna frå Raude Kors.

Eit SeaKing-helikoptert vart også sett inn i leiteaksjonen. Helikopteret fann den sakna kvinna i 23-tida i eit skogsterreng.

Kvinna, som politiet omtalar som «vaksen» og heimehøyrande på Bømlo, blei frakta til Haukeland universitetssjukehus med SeaKing-helikopteret.

- Annonse -

– Det var ikkje skadar som følgje av noko fall eller liknande, men andre ting som ligg bak, seier operasjonsleiaren.