Magnus Martens. Foto: Kandidat
- Annonse -

Magnus Martens frå Stord er hyra inn til å regissera minst éin episode av den amerikanske serien «Fear The Walking Dead».

I dag skreiv VG at vår eigen Magnus Martens (44) skal regissera ein episode i den populære zombie-serien. Serien har fleire millionar sjåarar og er rekna som spin-off til «The Walking Dead».

– Det er kjempehektisk, men det er veldig flinke og flotte folk. Og det er eit maskineri, så ein får til alt, uttalar Martens til VG.

Tidlegare har Magnus Martens blant anna vore med å regissera den amerikanske serien Banshee og Arme Riddere av Jo Nesbø. Han fekk sitt norske gjennombrot i 2003 som spelefilmregissør for ungdomskomedien United. I seinare tid har han ved fleire høve blitt hylla som ein stor norsk regissør.

Episoden han no skal regissera vil bli ein del av fjerde sesong av serien.

-Det er sjølvsagt stort, men samtidig så fungerer serien på same måte som andre seriar. Det er det same systemet på ein måte, der folk kjem inn i det og det er masse nye folk på ein gong, opplyser han til VG.

- Annonse -

Her er biletet Martens la ut på Instagram:

Zombie-madness.

A post shared by Magnus Martens (@magmartens) on

- Annonse -