Frivillige frå Sparebanken Vest var i år med å telte pengane som vart samla inn frå bøssebærarane. Foto: TV-Aksjonen Stord
- Annonse -

Innbyggjarane på Bømlo og Fitjar var blant dei mest gavmilde i Hordaland under årets TV-aksjon. Stord hamna midt på treet.

I eit grått haustvêr gjenn frivillige frå dør til dør og samla inn pengar til årets TV-aksjon søndag. Det var Kirkens Bymisjon som i år var mottakar av dei innsamla pengane.

For Hordaland sin del vart det samla inn 23,2 millionar kroner, noko som plasserer hordalendingane på 12. plass i landet justert for innbyggjartal.

Men det er store sprik i kor mykje som vart gitt frå dei ulike kommunane. På botn finn me Fjell kommune, der innbyggjarane i snitt gav 36 kroner. I motsett ende finn me småkommunane Eidfjord og Modalen, der det vart gjeve rundt 150 kroner i snitt.

I vårt distrikt er det Bømlo kommune som har dei klart mest giverglade innbyggjarane. Dei hamna på 4. plass i Hordaland, med 85 kroner per innbyggjar. Fitjarbuen var også gavmilde, med 70 kroner donert per innbyggjar.

Når det gjeld Stord kommune så hamna me heilt på snittet i fylket, med 52 kroner samla inn per innbyggjar.

- Annonse -

Desse gav mest i Stord kommune:

Stord kommune: 28.215,-
Stord Rotaryklubb: 10.000,-
Kværner: 10.000,-
Engelsen: 10.000,-
Salt Ship Design: 10.000,-
SKL AS: 10.000,-
Spar Haga: 10.000,-
Stord Innkvartering: 10.000,-

- Annonse -